mandag 24. juni 2013

Glimt frå Runde

 Avslutningturen i år gjekk til Runde.  På Miljøsenteret fekk vi sjå filmen Havets sølv, ein fantastisk film som viser mangfaldet i havet.  Dimensjonane av biomassen er ufattelege.

Ein får, mellom mykje anna, sjå mange utstoppa fuglar...
 ... delar av Rundeskatten ...
 ... og ein modell av den forliste skuta.  Det var ei lærerik omvising med mange historier.
Vi fekk servert bakalao middag.  Mange gjekk tur i Rundefjella.  Sjølv måtte eg nøye meg med ein liten luftetur saman med ein litren gjeng.

Eg har vore på Runde mange gonger, men ikkje på Miljøsenteret.  Viss nokon skal gifte seg og får gjester frå heile landet, må det vere ein fin stad å feire.  Gjestene vil få ei flott oppleving av natur og kultur.

7 kommentarer:

  1. Vi var ikkje inne på senteret då vi var på Runde på skuletur, men det ser spennande ut!

    SvarSlett
  2. Er dette miljøsenteret nytt? Kan ikkje hugse det. Er der leirskule framleis?

    SvarSlett
  3. For to år sidan var vi der på pensjonisttur. Vi var og såg oss om og fekk omvisning på Miljøsenteret. Middag år vi der som det før var leirskule. Trur ikkje leirskulen fungerer no, men elevane mine var der i 2001.Eg var ikkje klassestyrar då, så eg reiste til Kypros i staden.

    SvarSlett
  4. No har eg sjekka "Runde leirskule" og det ser ut til at den eksisterer enno. Då vi var der, stod det berre "Christineborg gjestehus"-men det er same staden.

    SvarSlett
  5. Miljøsenteret opna i 2009, så det er relativt nytt.

    SvarSlett
  6. Mykje spennande å sjå på Runde både ute og inne, f. eks. i Miljøsentret.
    Christineborg har ope heile året, blant anna får ein kjøpt god søndagsmiddag der...
    Me var der tidleg i mai, då var miljøsentret stengt og såg forlete ut.
    Barnebarnet mitt som gjekk ut av barneskulen i år, var heile klassa på overnattingstur til Runde fyr. Dei hadde hatt det kjekt der.

    SvarSlett
    Svar
    1. Js, vi fekk lyst å ta med elevar dit igjen.

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...