torsdag 13. juni 2013

Bok 27: Adam og Eva

Aatami Rymättylä er skild for tredje gong og har mange born å forsørge. Bedrifta hans,Adams Akkumulator og Batteri AS, går dårleg. Akkurat når det held på å gå skikkeleg gale, gjer han ei oppfinning, ein ultralett akkumulator. No møter han den alkoholiserte advokaten Eva Kontupohja.  Ho har investert i oppfinninga hans og gitt han pengar til oppstart.   Han sel patentet og vert styrtrik. Oljeindustrien er truga. Dei sender den scicilianske leigemordaren Luigi etter Adam.

Handlinga er ellevill, men ikkje utan djupare meining.  Forteljar stilen er heilt spesiell.  Her boblar forteljegleda over.  Eg har stor sans for Arto Paasilinna sine bøker.  Til slutt lurer ein på kvar dette skal ende.  Slutten er absolutt ikkje føreseieleg og heilt perfekt. Dei som les boka, vil forstå kva eg meiner.


3 kommentarer:

  1. Det er ei stund sidan eg las noko av denne forfattaren no, kjenner at det er på tide med ei ny bok.....for meg. FOR ei oppkome av fantasi den mannen må ha!

    SvarSlett
  2. Takk for tipset.
    Me starta å høyre ei av same forfattaren på veg til hytta i dag-morgå. Den senile landmåleren.
    Utruleg fantasifull....

    God helg !

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...