Den dagen vi reiste frå Ostia til Roma, rusla vi oss berre ein tur rundt i byen. Vi tok T-banen til Spanglia, Spansketrappa. Der er det alltid fullt av folk. Og det plystrande politiet er ikkje langt unna. I Italia er det ulike typar politi. Når "finanspolitiet" dukka opp, såg ein fort kven som dreiv ulovleg sal. Nokre pakka fort saman, medan andre fjerna seg litt vekk frå veskene sine. Dei fleste politifolk er væpna, men dei ein merkar best, er dei som plystrar når folk gjer noko gale til dømes badar i fontener der det ikkje er lov.
Overalt tek folk bilde, ein må rekne med å kome i fotoalbum rundt om i heile verda.
Overalt tek folk bilde, ein må rekne med å kome i fotoalbum rundt om i heile verda.