torsdag 18. april 2013

Sårt sakna?

I dag gjer eg eit nytt forsøk på å bli kvitt katten som har halde til her sidan påske.  Det er ein fin hannkatt. I går bar eg han med meg og ringte på eit par dører litt lengre borte i byggefeltet.  Ingen veit kven som eig han.

No håper eg at naboar og vener i bygda deler denne statusen.  Kanskje nokon har reist på påskeferie og late andre mate katten?  Kanskje katten har lagt ut på vandring?
Her har han jaga vår eigen katt vekk frå altanen utanfor stovevindauget. Sjekk blikket!

Lucy får kome inn og få mat.  Så no trur vi hannkatten lengtar heim.

1 kommentar:

  1. Då har eg fått napp på facebook. Håper ho som kjem kjennest ved katten.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...