søndag 9. september 2012

Mimremiddag

 Inspirert av boka om tradisjonsmat på Sunnmøre, som eg no har lese ut, leitte eg i dag fram litt arvegods.  Blondeduken var litt smal til mitt bord.  Eg reknar med han har vore brukt på eit smalt teaksalongbord.  Med ein annan duk under gjekk det greitt.  Tallerkan, glasa og dessertglasa kjem frå svigerforeldra mine.
 Kaffikoppane har eg arva frå mi farmor.

Om "besta" brukte papirserviettar, er eg usikker på.  Det var vel helst til dei store anledningane.
 Sidan eg hadde tatt opp svinekotelettar frå frysaren for å ha til middag, bestemte eg meg for å bruke ei oppskrift frå kokeboka: "Svinekotelettar i brun saus".  Det har eg aldri laga før.
 Far min meiner at det bør vere rabbe til brun saus.  Gulrøter høyrer sjølvsagt til, og hadde "besta" hatt romanesco, så hadde ho vel brukt det.
Til maten serverte eg heimelaga saft som eg kokte i går av dei siste bæra.

Dommen frå gjengen her: Maten var god, men dei liker nok mors mat betre enn bestas, i deira tilfelle oldemors.  Så kotelettane vert vel steikte og sette i omnen på svak varme i framtida.

Og desserten?  Hermetiske kirsebær, kjøpte på svenskegrensa.  Dit kom nok aldri "besta".

6 kommentarer:

  1. God middag spør du meg.
    Svigermor sine nakkekotelettar i brun saus smakar himmelsk.
    Artig vri med rabbe til brun saus, det har eg aldri smakt, men trur nok at det er godt.

    God ny veke til deg !

    SvarSlett
    Svar
    1. Svigermora di har sikkert laga det fleire gonger enn eg - og fått dreisen på det.
      Ha ei fin veke!

      Slett
  2. Så trivelig med mimremiddag! Koselig å bruke nydelig arvegods, det har lett for å bli stående i skapet synes jeg. Min svigermor, som ville vært 90 år (kanskje omtrent på alder med din farmor?) om hun hadde levd, brukte papirservietter til alle måltider og alle kaffeserveringer i alle år jeg kjente henne. Svigerfar syntes nok det ble litt mye av det gode, så det hendte at han lurte seg til å dele serviettene i to til hverdags når det var han som dekket bordet :)
    Har aldri hørt ordet "rabbe", men regnet med at det var kålrabi. Googlet det for sikkerhets skyld, og fant at det også har en annen betydning på sunnmørsk - neppe den slags rabbe som far din vil ha ved middagsbordet :)
    Romanesco har de ikke på min nærbutikk - utrolig dekorativ grønnsak. Koteletter i brun saus har jeg aldri smakt.

    Ønsker deg ei god uke!

    SvarSlett
  3. Rabbe er det same som kålrabi og kålrot. Kallar du nokon "di rabbe" er det ikkje positivt, nei.

    Mi farmor var fødd i 1909, mormor i 1904. Farmor var ei av desse fiskarkonene som det vert fortalt om i denne kokeboka som eg skal melde etter kvart, berre at ho var frå ytre Sogn. Ho var ei praktisk dame som dreiv småbruket medan mannen var på sjøen.

    SvarSlett
  4. Mykje mat vart servert i brun saus før, sikkert for å drøye maten, og fordi ungar ofte likar brun saus. Eg må innrømme at fiskekaker i brun saus ikkje er min favoritt lenger. Eg var vaksen før eg smakte pølser i brun saus, det hadde vi aldri heime. Sist eg laga kotelettar hadde eg dei opp i brun saus i lag med kjøttkaker, det var for å få smak på sausen. At far din meiner ein skal ha rabbe(kålrabi) til brun saus, kjem nok av at dei måtte bruke det dei hadde i hus, sidan det var langt til butikk-og dertil dårlig utval. EG synest ikkje det er spesielt godt.Eg vart fødd i 1940, og vaks opp i ei tid då vi ikkje kunne vere altfor matvande.

    SvarSlett
  5. Eg trur nok at rabba har vore redninga i tronge tider også, og ikkje minst "nordens appelsin" som sikra ein grautetande nasjon nok C-vitamin. Eg meiner det er viktig å sjå mattradisjonar ut i frå historie.
    Eg synest det er greitt å koke litt av kvar grønsak, dess fleire fargar, dess betre!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...