onsdag 19. september 2012

Dagens eksperiment

 Denne månaden er det billegare å kjøpe pizzabotn og kjøtdeig enn å berre kjøpe kjøtdeig på Coop Prix.  Det er rett og slett ikkje til å unngå at matbua vert fylt av posar med Toro pizzabotn.

I dag ville eg finne ut om ein teori eg har, held stikk. Desse pakkane med pizzabotn inneheld tørrgjær i så store mengder at dei ikkje gir opp noko hevetid for pizza.  Kan pakken brukast til å heve ein brøddeig?
 Eg blanda saman 8 1/2 dl vatn, 1 pakke kornbrødblanding(den satt ned i handlekorga på eit anna tilbod) og ein pakke pizzabotn.  Maskina fekk kna deigen ca 10 minutt.
 Ein time seinare hadde deigen heva seg godt!
Eg forma brød som fekk heve ein halv time før eg steikte dei.  Formene er på 2 liter.

Konklusjon:  Viss ein har ein pakke pizzabotn, kan ein bruke den i ein brøddeig og kutte ut anna gjær.

Neste gong eg puttar ein pizzabotnpakke i brøddeigen, kjem eg til å blande han med 1 kg grovt mjøl, gjerne ei blanding av rug og kveite.  Dagens brød vart halvfine.

Eg må og legge til at mjølet i pakken er tørka.  Det er ikkje tilsett konserveringsmiddel.

5 kommentarer:

  1. Alt du forskar på! Eg hadde aldri kome på tanken ein gong.Men kven har pizzabotnar og ikkje gjær på lur?
    Svar: Kanskje Solveig.

    SvarSlett
  2. ...som fell for freistinga å putte kupp i handlekorga når der ligg pizzabotn og 400 g kjøtdeig for 26 kroner ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...