mandag 27. august 2012

Bok 43: En helt annen historie

Dette er den andre av dei fire krimromanane med Gunnar Barbarotti som eg har sikra meg.

Gunnar Barbarotti mottek eit brev rett før han skal på ferie saman med ho han skal fri til. I brevet står namnet på ein som skal bli drepen.  Brevet er frå mordaren.  Fleire brev dukkar opp etter kvart.  Vi får og høyre om ein ferie der offera er saman i Frankrike.  Der vart meir dramatikk enn planlagt. Ei jente dei har med seg på båten, kjem ut for ei ulykke.  Dei bestemmer seg for å skjule det som har hendt.

Vi følgjer politiet i deira etterforsking. Og vi følgjer privatlivet til Gunnar Barbarotti som vert meir spennande enn i første romanen.

Som i den førre romanen sparkar forfattaren litt hit og dit. Eg har sansen for måten han ser på det svenske samfunnet med skråblikk. Media får sitt. Også familieforholda vert typiske.  Jordmora han skal gifte seg med, har to born som bur hos seg.  Eldstejenta til Barbarotti har flytta til London, medan sønene bur i Danmark.  Kva skjer med frieriet når alle tre vil flytte til far?  (Eg har begynt på tredje romanen.)

Mordgåta er kanskje ikkje så "enkel" som ein først trudde.  Tittelen på boka er viktig.  Og eg har sansen for slutten.

3 kommentarer:

  1. Denne trur eg faktisk ikkje eg har lese, men som du veit har eg sansen for Nesser, og SÆRLIG for slutten i bøkene hans-litt sånn tvetydige.

    SvarSlett
  2. Du skalk få låne MP3-lydboka eg kjøpte i Oslo!

    SvarSlett
  3. Flott. Eg har Walkman å spele den på, men eg lærte meg også å legge slike plater inn på MP3-spelaren.
    Det er MP-3 eg likar best no. Hadde eg funne samme sorten, skulle eg kjøpt meg ein til, men trur den typen er ute av produksjon.Dei ein får no er så små, den eg har er veldig grei å bruke. Det var du som kjøpte den i si tid.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...