mandag 2. april 2012

Hannes eplekake

Det er nokre i familien som er svært glade i eplekake.  Denne varianten er kanskje min favoritt. Oppskrifta fann eg på gamlebloggen min.  Der hadde eg dobla oppskrifta og laga den i ei 28 cm form. Denne gongen vart det to kaker.  Eg får plass til ei 22 cm og ei 24 cm i omnen min.  Arbeidet er omtrent det same om ein doblar.  Det er eigentleg lettare å røre dobbel mengde med smør og sukker.


Rund form 24 cm.
Botn:
100 g smør
150 g sukker
1 egg
75 g kveitemjøl
100 g sammalen kveite
1/2 ts bakepulver

Fyll:
3 eple
3 dl seterrømme
1 egg
50 g sukker
1 ts vaniljesukker

Rør smør og sukker lyst og luftig og tilsett egget.  Bland mjølet med bakepulver og smuldre alt lett saman.  Trykk deigen ut i ei smurt form.

Skrell epla og del dei i bitar.   Fordel eplebåtane over botnen.  Rør saman resten av ingrediensane til fyllet og hell blandinga over epla.

Steik ved 175 grader i ca. 30 minutt.


Servér gjerne eplekaka lunken med mjukpiska krem.

2 kommentarer:

  1. Denne kaka er absolutt å anbefale. Dessverre la eg ikkje merke til den i selskapet-elles hadde eg gjort eit innhogg.

    SvarSlett
  2. Den er fin å fryse, så eg tippar dei sparer den til slutt.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...