torsdag 1. mars 2012

Bokpakke i posten

 I dag har eg vore på foreldremøte og foredrag om sjølvtillit i regi av Sterk og klar.  Etterpå henta eg pakken som endeleg hadde kome i posten.  heldigvis fekk eg alle bøkene eg hadde bestilt! Eg skal presentere dei etter kvart.
Eg kjøpte eit nytt eksemplar av den raudruta kokeboka.  Mi, 2. utgåva frå 1986 er, som de ser, velbrukt.  Den nye har eg lyst å studere, og så kan den kanskje bli frøkna sitt oppslagsverk.  Her er det meste av det ein treng når ein flyttar for seg sjølv.
 Om ikkje så lenge skal eg lage eit nytt undervisningsopplegg om tallerkenmodellen.  Dette kapittelet er endra.
 Temaet er det same, men presentasjon og innhald endra.
 Belgfrukter.
 Søt gjærbakst med bilde av lussekattar.
Denne kaka freista.  Den liknar på Kvæfjordkake, men med mangofyll.

Prisen? 199 kroner på Mammutsal på Ark.

5 kommentarer:

  1. Dei to strikkebøkene har eg (sjølvsagt..).
    Eg har også ei sånn gammal raudruta kokebok frå 80-talet. Mi er ikkje så slitt som di :D

    SvarSlett
  2. Den raudruta er god.
    Eg har gitt den vekk til tanteungar i jul/bursdagsgåve gjennom åra.
    Håpe dei brukar den.

    Lukke til med bøkene !

    SvarSlett
  3. Mmmm - den mangokaka så god ut :)))
    Og den rødrutete er et must!
    Enjoy!

    SvarSlett
  4. Mi raudruta fekk eg i gåve av Solveid, viss eg ikkje hugsar feil, og den er skikkeleg fillete. Eg har vurdert å kjøpe ny, men trur eg vil teipe den gamle og behalde den på grunn av affeksjonsverdien.

    SvarSlett
  5. Den raudruta har tjent lenge på mitt kjøkken..
    Men er dei seinare åra vore for lite flink med oppskrifter, diverre..

    Så godt du fekk alle bøkene!!

    God helg Solveig!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...