onsdag 28. mars 2012

Besta har bursdag!

Datamaskina har vore opptatt i heile dag.  Frøkna har skrive rapport frå arbeidsveka sidan eg kom heim i ettermiddag.  Noko anna som har vore opptatt, er telefonen til mor mi!  Eg har ringt med ujamne mellomrom.  No reknar eg med at ho har snakka nok i telefonen for i dag!

Vi gratulerer så mykje!  Bildet er frå den tida ho hadde sommarjobb på sjukehuset på Nordfjordeid.  Den eldre garde ser vel kven ho er fotografert saman med?  Bildet er scanna fra ei avis - og knabba frå facebook!

1 kommentar:

  1. Takk for helsinga. Til orientering er bildet frå 1956.
    Telefonen vår var i ustand i går-igjen, vi kunne ringe ut, men fekk ingen telefonar inn.ette har skjedd fleire gonger før. No har Nils ringt Tussaog klaga.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...