søndag 18. september 2011

Blandabalj

I går sende far min med meg 3 kg malen fisk til å lage fiskekaker av.  Det vart litt snakk om fiskebollar, og at ein då kunne bruke foodprosessoren.  Eg kom på ein rett eg aldti har laga, nemleg blandabalj.  Vi laga det då eg gjekk på heimkunnskap i Bergen.  Eg meiner det var ei frå Ona som kom med oppskrifta.  For etter det er forstår, er dette ein typisk Nordmøre- og Romsdalsrett.  Og det er Kristiansund som har tatt den til sin rett, av det utnamnet Baljsund.

Svigermora mi laga ein gong fiskeball til oss, som ho kalla det.  Den var meir finmalen, men svært god.  Ho var trønder. Ho serverte både rabbe (kålrot) og gulrot til. Mine formødrer er som kjent frå Sogn og Nordfjord.  Men no for tida er det berre å søke på nett , så ligg der oppskrifter og informasjon.
Eg brukte denne oppskrifta:

1 kg rivne poteter
1 kg malen fisk
1 løk
2 ms kveitemjøl
2 ms potetmjøl
1 ms salt

Kokekraft: 3 l vatn og 2 ms salt

Bacon inni og steikt ved sida av.

Baljen min vart litt laus i fisken.  Det skuldar eg ikkje på oppskrifta, men på at eg brukte for fint rivjern.  Neste gong bruker eg det grove.

Her i huset var det ein del skepsis blant dei yngste.  Må alt vere så sunt at ein til og med har fisk i baljen?  Når du først lagar balj, så kan den vel vere skikkeleg. Men det var ingen klager på maten då han kom på bordet.  Og alt vart oppete.

Det vart verken forrett eller dessert i dag.  Eit forslag eg såg, var surmjølksuppe til.  Eg synest det er nok med surmjølk til drikke.  Men folk må få følgje sine eigne tradisjonar.

Blogglesarane må gjerne kome med innspel om denne retten.

6 kommentarer:

  1. Dette er noe jeg aldri har prøvd.
    Koselig med tradisjonsrike retter, her hadde vi lammestek for første gang i høst.
    Det er noe jeg liker ;-)

    Klem Lykkeliten

    SvarSlett
  2. Lammesteik/lår er yndlingsretten min! I år har eg ikkje kome til fårikål enno ...

    SvarSlett
  3. Eg hadde ikkje smakt fiskbalj før eg i ein periode budde på Nordmøre. Fleire av naboane syntest det var naturleg å invitere oss sunnmøringane på god tradisjonsmat som bacalao og fiskbalj.
    Den lokale kaféen hadde fiskbalj på torsdagane -den var nydeleg!
    Eg fekk servert Sildbalj ein gong - det var litt tyngre fordøyeleg, kan du seie...
    - men godt var det også!

    SvarSlett
  4. Har ikkje ete så mykje blandaball, men sikkert sunt det :-)

    SvarSlett
  5. Verken far din eller eg er vant til blandaball, men eg har no laga det nokre gonger, og vi synest det er godt.Trur oppskrifta mi, som eg fann i eit ferjeblad ,ligg på bloggen. Eg brukte foodprosessor, hadde alt oppi og dett var dett. Viss ikkje fisken er malen frå før, kan det vere lurt å la den gå litt åleine først.
    Eg hadde flesk inni ballane, steikt bacon, poteter og gulrøter(ev.kålrabi) attåt. Blandaball kan frysast i krafta,

    SvarSlett
  6. Eg kjem til å lage blandabalj neste gong eg får tak i fersk fisk. For dei som ikkje er sunnmøringar, får vi forklare at balj skal serverast torsdagane. Det er framleis baljdag på høgskulen i Volda blant anna. Heime gjer vi som vi vil. Torsdagane vert det helst laga mat på ein halvtime her.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...