For eit par dagar sidan bar eg inn denne engletrompetavleggaren som eg fekk av ei venninne i vår. Den har ikkje blomstra enno, så eg er litt spent på om den vil kaste knoppane når den kjem inn. Den store gamle, også kalla skaberakket av enkelte her, står framleis ute.
Ved vindauget i nyestova står ei svigermors tunge i blomst. Det er alltid artig når såkalla grøne plantar blomstrar.
Så vil eg ønskje alle blogglesarane ei god helg. Her startar Hareidstemna til helga. Vi skal på konsert søndag. Eit par andre arrangement vert det vel og.
fredag 14. oktober 2011
torsdag 13. oktober 2011
Bok 51: Anger
På Bokkilden kallar dei det ein genistrek å erstatte krimhelten Erlendur Sveinsson med yngre kollegaer. Der veit eg ikkje om eg er heilt einig.
Der er to parallelle krimgåter i boka. Den eine er eit drap av ei kvinne som ein meiner har utsett menn for utpressing etter at ho har forført dei. Den andre saka er ein mann som hemnar seg på ein overgripar. Spesielt denne siste saka kunne forfattaren gjort meir ut av.
Etterforskinga fokuserer ein del på økonomisk kriminalitet. Som vi veit, lånte slendingane pengar og levde over evne ein periode.
Elles må eg innrømme at eg synest at skildrinane av Sigridur Oli sitt privatliv, grensar til "dameromanar". Det vert noko klisjéprega og føreseieleg.
Men for all del, dette er grei underhaldning.

Rognebærgelé
Det er ikkje kvart år det vert laga rognebærgelé på skulekjøkenet. Det vert i alle fall ikkje stor nok avling til at alle kan få med eit glas heim. Nokre år har vi laga og gitt eit glas til kvar av dei bestemødrene som kjem og hjelper oss med å bake lefser. I år vart det ei gruppe tiandeklassingar som skaffa bær og laga gelé. Eg frys alltid bæra først. Heime har eg eit par kilo bær i frysaren som eg skal blande med halvparten eple for at det skal bli litt mildare og meir gelé. Framgangsmåten er den same. Oppskrifta er "gamlelæraren si".
ROGNEBÆRGELE
Bruk modne, men ikkje overmodne bær. Reins dei og legg dei i kaldt vatn. Det heiter at bæra skal ha frose – det kan ordnast i fryseboksen.
Saft bæra slik:
1 – 2 dl vatn til eit kilo rognebær.
Ha bær og vatn i ein kjele og varm det sakte opp på svak varme. La så bæra trekkje under lokk til dei blir blasse på farge. Saftutbytet blir størst når bæra held seg heile. Safta blir også klarare. Sil safta gjennom silepose. Vri posen opp i kokande vatn før bæra blir helt i. La safta sile av seg utan å vri!
Til 1 liter saft, 800 g til 1 kilo sukker.
Kok opp safta. Ha i sukker og rør til det er oppløyst. La geleen koke sakte 5 – 20 minutt.
Ta geleprøve:
Ta litt gele på ei kald skål og la det stå kaldt nokre minutt. Skyv geleen saman med ei skei. Viss geleen er så stiv at han legg seg i ”foldar” framfor skeia, er han ferdigkokt.
Hell geleen i varme små glas. La geleen bli kald. Set lok på.
onsdag 12. oktober 2011
Mat og helse
Då faget skifta namn frå heimkunnskap til mat og helse, fekk vi kjøpe nye lærebøker. Eg valde denne læreboka, nemleg "Takk for mat", fordi ho inneheldt mest ernæringslære. Først synest eg denne boka var rotete med mange tabellar, bilde og faktaruter. Men så tenkte eg at det er vel omtrent slik ei side på nettet ser ut. Det er slik ungdommane møter informasjon.
Eg meiner at ernæringslære også burde inn på fleire liner eller program på vidaregåande, i alle fall som valfag. I niande er mange for umodne til å forstå at vala dei gjer, har konsekvensar for seinare helse, kanskje også livskvalitet.
Denne veka er temaet karbohydrat. Eg greier å provosere nokre når eg seier at mange frukostblandingar er dessert - ikkje frukost.
Ein detalj har dotte ut i år. Dei siste åra har eg vist skilnaden på jus og nektar. Eg har drege det så langt at eg seier at eg ikkje kan forstå kvifor folk kjøper nektar i det heile tatt. Då betaler ein dyrt for sukkervatn! Og jus smakar mykje friskare og betre!
I år fann eg ikkje ein einaste nektarkartong på Prix! Det einaste som kunne likne, var ein fruktdrikk med 80% jus og 20% vatn. Men den er no sunn nok. Kvifor folk kjøper den i stadenfor å kjøpe ein billegare jus og vatne ut t.d. med isbitar, er ei anna sak. (Før nokon legg inn protest: Eg har sett nektar i andre butikkar i billege merke.)
Ein får gle seg over det som er positivt. Dessverre er brussalet på veg opp att i Norge, så her er ein jobb å gjere ...
P.S.
For ordens skuld vil eg berre presisere at eg anbefaler ikkje jus som tørstedrikk. Eit glas jus kan gå inn som ei av dei to fruktene ein bør ete i "Fem om dagen".

tirsdag 11. oktober 2011
Et lite apropos
I bladet Mat og helse i skulen som kom i posten ein av dagane, kan ein mellom anna lese om kosthald og hygiene i eit historisk perspektiv. Det er ikkje hundre år sidan det stod så dårleg til med kosthaldet i fattige familiar i hovudstaden, at ein innførte Oslo-frokosten og Sigdal-frokosten (1926). Born fekk ikkje mat om morgonen heime fordi familiane ikkje hadde råd til det.
Illustrasjonsfotoet er frå 1947. Eg la sjølvsagt først merke til mjølkeflaskene. Dei har slik aluminiums(?)folielok som mor mi fortalde om. Nokre flasker er blanke medan andre er brune. Eg tippar overgangen gjekk gradvis, slik at dei kom blanda frå meieria. Skal tru om dei og har fått maten? Kva er i tilfelle matboksane til? Har dei fått mat og drikke til to måltid? Har dei fått ein matboks med mat kvar? Er det nokon som veit?

mandag 10. oktober 2011
Saras nøkkel - boka og filmen (Bok 50)
Klasse 10 A hadde lese Gutten med den stripete pysjamasen og sett filmen i niande. Det kom eit forslag om å lese ei anna bok som omhandlar jødane sin lagnad under 2. verdskrig. Filmen Saras nøkkel er aktuell, sjølv om nokre hadde sett han før.
Vi tok oss ikkje tid til å lese meir enn halve boka. Handlinga vekslar mellom 1942 og 2002. Vi las det meste frå 1942.
Blogglesarane veit omtrent kva eg synest om denne type litteratur. Før kalla ein det litt nedsettande for kiosklitteratur. No ser eg flyplasslitteratur vert brukt. Det rette er vel å kalle det underhaldningslitteratur, og den kan vere god eller dårleg. Boka er lettlesen. Eg las halve på ein ettermiddag i haustferien.
Forteljinga frå 1942 er spennande og god. Her held forfattaren seg til faktiske hendingar under 2. verdskrig i Frankrike. Ho set søkelyset på franskmennene si deltaking i deportasjonen av jødane i Paris. Dette går også godt fram i filmen.
Historia i notid har eg vanskelegare for å svelgje. Eg kunne ha kome med mange døme. Ektemannen får eg lyst til å gi eit kakk i hovudet. Filmen er mykje snillare mot han enn boka. Dei siste kapittela frå 2004 eller 2006, kunne etter mi meining ha vore kutta vekk, i det minste delar av dei.
I det heile likte eg filmen betre enn boka. Filmen har luka vekk dei verste klisjéane. Regissøren er ein mann, kanskje det er derfor?
Eg trur nok at dette er ei bok og ein film som jenter på 15+ vil like?

søndag 9. oktober 2011
Mølligætåni
Ja, så er ferien slutt på Sunnmøre. Eg veit at i Nordfjord begynner ferien i morgon. Veret ser dessverre ut til å bli det same.
For oss har det vore ein sosial ferie med mange slektstreff. Litt shopping og hagearbeid har det og vorte tid til.
I dag inviterte vi journalisten på middag. Eg har lenge tenkt å lage denne Mulligatawnysuppa til middag. Vi fekk ho servert på Kaffi Kari på lanseringa av Smalhans. Ein surrar grønsaker og frukt i olje og krydder. Det er ikkje problem å få i seg 5 om dagen her! Suppa er mager. Det einaste feittet eg brukte, var solsikkeolje til å steike kyllingfilet og grønsaker i.

Familien sin dom var einstemmig: Hot nok. Suppa mi vart nok noko sterkare enn den vi fekk i Vik. Dette skuldar eg ikkje på oppskrifta, men meg sjølv. Eg hadde nok for lite vatn i gryta. Ein annan gong vil eg begynne med halvparten av kryddera i oppskrifta. Ein veit nemleg heller aldri heilt kor sterke kryddera er. Eg hadde uopna glas og pakkar, og då er kryddera på sitt sterkaste. Gunda skriv at ein kan ha fløyte eller kokosmjølk i suppa. På nettet ser eg at det er fløyte i mange av oppskriftene. Eg serverte ris til. Ein kunne sikkert servert litt rømme til.
Eg spurde familien om vi skal begynne ein ny tradisjon og servere denne suppa lisjejulaftan. Suppa står nemleg på menyen i sketsjen Grevinnen og hovmesteren. " Kva med grauten då?"var svaret eg fekk. Ein skal vel ikkje tukle med tradisjonar, men det kan no vere ein ide for dei som har slektstreff med gåvebyte denne dagen? Så kan ein koke graut ov risrestane? Eller koke ei grautpanne ved sida av ...
lørdag 8. oktober 2011
Hedigvis sa Heidi ja
I dag kom artikkelen i avisa. Eg hinta i går at dei burde få tak i ein med utdanning i ernæring. Eg har ikkje sett meg nok inn i kva den eine og den andre meiner er rett. Nokre hevdar at kuren er bra for diabetes, andre ikkje, trudde eg. Men Heidi seier at Norges diabetesforbund ikkje anbefaler dietten. Elles er Heidi innom mykje av det eg skreiv i går.
Sjølve saka er eit kurs som skal startast opp. Det er visst fullteikna. Kurset er for vaksne som vil gå ned 10 kilo eller meir. Kursleiaren har sjølv gått ned 35 kilo og fått lågare kolesterol.
Ok, så er vi tilbake til start. Kven vil høyre på ein som er naturleg slank og har lågt kolesterol?
Det er utruleg viktig at born og unge har eit sunt forhold til mat, seier Heidi. I Dagbladet i dag vert ein amerikanar sitert på at fokuset på maten no har gått over på ting vi ikkje kan sjå som fiber, kolesterol og antioksidantar. Stoffa vert stempla på religiøst vis som "gode" eller "vonde".
Så får vi håpe at desse familiemødrene og fedrane som startar ein slik diett, gjer det slik at det fell naturleg inn i familien sitt kosthald. Ein kan vel servere poteter og grovbrød til dei som treng det?

fredag 7. oktober 2011
Kvifor eg sa nei
I dag ringte avisa meg på mobiltelefonen. Kunne eg seie noko om lavkarbodiett. Det skal haldast kurs i byen, og dei vil ha nokon til å mæle imot. Slik tolka eg det i alle fall.
Tid og stad
Eg stod i ein butikk i eit kjøpesenter i Ørsta. Butikkmedarbeidaren var på lageret og henta noko til meg. Skal det eg seier kome i avisa, må eg ha tid på meg. Journalisten hadde deadline, og eg skulle på slektsbesøk. Eg sa til henne at eg synest ikkje det er så enkelt å vere negativ når folk prøver å ta tak i livet sitt.
Statens ernæringsråd
Eg har 20 vekttal, eller det som no er 60 studiepoeng, i heimkunnskap. Vi hadde mykje ernæringslære. Når ein underviser i mat og helse, skal ein følgje dei råda helsestyremaktene gir. Det verkar ikkje som folk vil høyre på dei lenger. Om ein derimot finn på noko nytt, står pressa klar.
Føler seg som farisear
Det har hendt eg har sagt at alle råd vert gitt til folk som skal slanke seg. Kvifor spør dei ikkje folk som er naturleg slanke om råd? Det er noko sjølvtilfreds over ein sånn uttale. No har eg fått spørsmålet og ikkje svart.
Moralsk peikefinger?
Då vi gjekk på gymnaset, lærte vi at om det skulle bli nok mat til alle på jorda, måtte vi ete mindre kjøt og meir korn. Det ville og gagne helsa vår, heitte det den gong. No har vi ete oss mette og tunge, og løysinga vert at vi set oss ned og maular pålegg. Dietten heiter lav-karbo. Er dette løysinga?
Og så kan ein spørje om det er slik at vi alle forsyner oss godt på verdas matbord, men så viser det berre meir på nokre enn andre? Vi bør i alle fall ikkje rette peikefingeren på dei overvektige. Eg kjenner folk som har fått påvist at dei har lågt energibehov. Det finst elles mange grunnar til overeting.
Er vi like?
Skal alle ete det same? Er vi likt laga? No ser vi at ein del går ned i vekt med lav-karbo-diett og misjonerer for dette. Det vert kanskje snart dei med grovbrød med brunost som skil seg ut.
Farleg?
Eg torer ikkje å påstå at det er farleg å kutte ut karbohydrat. Lav-karbo-gjengen sit med resultat av kolesterol-målingar. Det verkar som dei har vitskapen på si side. Sjølv hadde eg ikkje tatt sjansen på desse diettane. Å legge innpå store mengder metta feitt, kan etter det eg ha lært, få fatale følgjer.
Time will tell
Det er slik med alle femer, anten så går dei over, eller så er dei komne for å bli. Det vil vise seg om lav-karbo-diett har noko for seg.
Grovt, grønt - og fisk
Til så lenge anbefaler eg eit kosthald med grovbrød, grønsaker og skikkeleg middag, gjerne med poteter. Pizzadressing, potetgull og plastikksnop er døme på slikt ein kan halde seg unna. Og så må ein halde seg i aktivitet!
Litt søtt, men ikkje støtt
Nokre gleder må ein unne seg. Vert dietten eller kosthaldet for asketisk, ber det raskt utpå igjen. Kanskje den vesle sjokoladebiten eller isskåla gjer at ein klarer å halde dietten.
Eit lite varsko til slutt
Folk flest skal ikkje på diett. Ofte tek feil folk til seg råda. Jenter i ungdomsskulealder er spesielt sårbare. Når sunne, friske idrettsjenter vil begynne på lavkarbodiett, då vert eg redd for dei.
Kunnskap gjer klok
Les ernæringslære! Kunnskapsstoffet i boka på bildet er i tråd med statens ernæringsråd sine tilrådingar.

Fjerde feriedag
Eitt av ærenda mine over Eidet var å få tak i madras curry pulver, hot. På Asiabutikken hadde dei berre mildt. Kanskje nokon kan seie meg kva som skil dette karripulveret frå vanleg karri? Kan det brukast til det same? No har eg i alle fall ingrediensar til suppa med namnet eg ikkje har lært meg s. 39 i Smalhans.
Eg kjøpte også 2 kg kikerter som eg skal koke ein dag. Eg gav 60 kroner for pakken. Når ein liten boks kostar 10 kroner, så må det løne seg.
På biblioteket fann eg desse lydbøkene. Eg er litt usikker på om eg har lese Mehlumboka før, eller om eg berre kjenner framsida frå ein annan blogg.
På Mega var der ein ung svensk mann som delte ut smaksprøver for Vita hjertego'. Eg fekk smake ei skive kvitost og sa som sant var, at den smakte ingen ting. Han repliserte at han kjenner ikkje skilnad på ulike kvitostar og smørtypar. Der er ikkje eg! Vanleg Norvegia bruker eg til matlaging. På brødskiva vil eg helst ha Ridderost, men sidan eg ikkje er på feittdiett, held eg meg til Edamer eller Jarlsberg. På brødskiva vert det helst Brelett eller Bremykt. For å vere litt hyggeleg (eg får fort dårleg samvit om eg ikkje er heilt høfleg), så kommenterte eg at brødet var godt. Det viste seg å ikkje vere det brødet han viste fram, men eit med lik utsjånad. Eg tok med meg ei flaske margarin sidan den var på tilbod, i tillegg til flytande Bremykt som ein må på Mega for å få tak i. Så får eg drive med litt smaktesting!

torsdag 6. oktober 2011
Dagen derpå
Etter tre dagar med slektsbesøk og middagsgjester, vart det litt tomt med berre oss fire att.
Riks-TV-boksen begynte å streike i går ettermiddag. No har vi fått sendt han inn og lånt ein annan.
I går kom eg meg ut i hagen og plukka ein bukett mellom byene. I dag kjøpte eg meg ny regnjakke. Ein lett modell som kan puttast i ein sekk når ein er på tur.
Dagens husmortips: Etter eit par dagar når ein har sett fram godt brød til alle måltid, kan det verte noko litt halvgammalt til overs.
Eg bruker å sette det i steikeomnen på 100 grader med litt open steikeomnsdør. Det kan godt hende ein kan bruke varmluft?
Slike kavringar kan ein knuse og bruke på fiskegrateng og anna. Her i huset går nok ein del til kaninane.
Katteeigaren synest eg gjekk over streken i går kveld då eg tok ei tranflaske som trandrikkaren vil ha erstatta med ei ny, og slo tran over ei brødskive og ga katten. Kvifor skal ikkje katten ta tran, meiner eg. I dag tidleg var i alle fall skiva oppeten, så ein eller annan har fått i seg dei sunne dropane.
I kveld ventar vi studenten heim.
P.S.
For dei som vil vite det, så serverte eg lammefrikassé i går. Til dessert var det sjølvsagt karamellpudding.

onsdag 5. oktober 2011
Bok 49: Gjenferd
Sjølv om eg ikkje likte så godt førre boka om Harry Hole, Panserhjerte, så måtte eg få med meg Gjenferd også.
Romanen startar godt. Ein vert kjend med denne flykapteinen som skal smugle narkotika. Han er godt skildra, og vi får sympati for han, og ikkje. Jo Nesbø er forfattar og ordkunstnar. Når journalistar vert forfattarar, vert historiene oftast skildra godt og greitt. Slike bøker har eg lese ein del av i det siste. Jo Nesbø har eit godt språk og gode forteljarevner. Det gjer at ein kosar seg med bøkene hans.
Miljøskildringane og personskildringane er gode og interessante. Harry Hole er sjølvsagt i overkant tøff. Dette vert ikkje sagt som i dameromanar, men vist med at han til dømes tek nål og tråd og syr sine eigne opne sår.
No ligg det vel i korta at eg kjem med eit stort men. Det eg ikkje liker, er forteljarstemma frå grava. Løysinga er interessant, men langdryg. Vi vert "lurte" fleire gonger.
Eg har heller ikkje sansen for at detektivane sine næraste skal vere i fokus i krimgåta kvar gong. Det er grenser for kor mykje ein familie skal vere utsett for. Det er Oleg, son til Rakel frå førre bok, som vert mistenkt for mord.
Om dette er slutten for Harry Hole? Det skulle ikkje forundre meg om det vert fleire romanar ...

Tredje feriedag
Med regn og vind følgjer bølgjer. I dag har vi hatt triveleg besøk frå Kongsberg. Øystein ville vise storegutane litt rundt i kommunen. Og kva har vi å vise fram i Hareid?
Vikingmonumentet i Hjørungavåg.
Bølgjer på Ovråsanden.
I andre enden av kommunen ligg Kvitneset. Her finn ein restar etter tyske stillingar under 2. verdskrig.
Vi kunne ønskt oss finare ver i ferien. Men når det no er som det er, vert kunsten å gjere det beste ut av det!

tirsdag 4. oktober 2011
Fårikål
I dag ventar eg fleire middagsgjester. Vi vert åtte til saman. Her i huset har vi ikkje ete fårikål før i år, så det passa å fylle panna i dag. Det er mange måtar å lage fårikål på. Eg bruker å leite fram oppskrifta i den raudruta kokeboka, og så har eg ein liten eigen vri.
Ein legg kjøt og kål lagvis. Eg begynte med ca 3 1/2 kg ferskt lammekjøt. Mange meiner sauekjøt er best.
Eg startar med eitt kålhovud. Til denne porsjonen startar eg med 2 ms salt og rikeleg heil pepar. Så får ein smake til saltet til slutt.
Når retten har kokt ca ein time, har eg i eit kålhovud til. Dette gjer eg for at ikkje all kålen skal "forsvinne" eller "koke ut i kålen". Eg vil gjerne ha heile stykke med kål.
Når eg set på potetene, har eg litt jamning på. I dag målte eg opp 4 dl vatn og ein dl kveitemjøl. Eg vil ikkje ha tjukk saus, berre jamne litt.

mandag 3. oktober 2011
Første feriedag
Heller ikkje i dag har eg lagt på latsida. Dytt.no krev sitt, så eg fekk sitte på til Hjørungavåg og gå heim.
No har vi fått triveleg besøk av svogeren min. Eg hadde dekka med lilla duk i høvet, og då han kom med ein raud flamingoplante, var det berre å leite i serviettsamlinga.
Jammen fann eg ikkje ein pakke med lilla og raudt, og grønt, slik at eg fekk ta fram grøne glas.
Så er det desse blogglesarane som vil vite kva eg serverer! Det vert lasagne. Det er vel aldri feil? Eg har laga to relativt store former. Loffen vart laga i brødbakemaskina. Til dessert vert det banankake med krem og fruktsalat av to boksar aprikosar, ein pakke svisker og 3 bananar.
Journalisten er i bya og skriv for Vg nett. Han har fått beskjed om at her vert mykje god mat i veka som kjem, så det er berre å stikke innom.

Å ta rev i segla
På Frukost-Tv i dag nytta ein dansedommar uttrykket "å ta rev i segla" i meininga å ta seg saman/hale innpå/få fart på seg. Det utløyste ein liten diskusjon i heimen. For tyder det ikkje stikk motsett? Nynorskordlista fekk vere fasit:
rev |
søndag 2. oktober 2011
Banankake
Det var ei som sa til meg at cupcakes er "noko for meg". Då kjenner ho ikkje meg, for å seie det sånn. Her i huset er det skuffekaker og dobling som gjeld. Når vi først et kaker, er vi mange og vi et mykje. No er det ferie, og vi ventar innrykk.
I dag fekk eg lyst til å lage banankaka i Smalhans. Oppskrifta ligg også på nett. Eg dobla oppskrifta. Det vil seie eg brukte litt mindre sukker, 5 dl til 4 store egg. Vi ein ha ein mindre søt eggedosis i ei oppskrift, kan ein ha litt mindre sukker og litt meir egg.
Eg bruker å begynne med å sette på omnen å lage klar forma. Deretter måler eg opp alle ingrediensane. Smøret smelta eg i mikrobølgjeomnen. Bananane mosa eg med stavmiksar. Etter at eggedosisen er ferdig, går eg over til å røre med ein slikkepott, slik at ikkje lufta går ut av røra att.
Eit siste husmortriks: Bruk gode ingrediensar. Kaker et ein sjeldan, så då kan ein unne seg ekte smør. På skulekjøkenet gjorde vi eit eksperiment ein gong. Der var ein elev som ikkje tolte mjølk og smør. Så vi baka tre ulike brownieskaker, ei med olje, ei med margarin og ei med smør. Sjølv i ei kake med så mykje kakao, er det stor skilnad på smaken. Kaka bakt med smør vart klart best, sjølv for dei som "ikkje liker smør". Ekte vaniljesukker er også "eit must". Eg har prøvd ulike, Cemo sitt er klart best om ein ikkje lagar sjølv då. Ein får kjøpt det mellom anna på Til Bords på Blåhuset i Ulsteinvik.

lørdag 1. oktober 2011
Basar og vinnarlykke
Basarsesongen er i gang. På førehand sa eg at eg ønska meg heimelaga ting. Der var store, flotte strikka og hekla teppe. Så heldig var eg ikkje, men ...
... eg vann oppvaskklut som Tove også har laga, og ein Zalokjole. Det såg altså lenge ut som eg skulle bli ståande og vaske opp ...men i siste runde vann eg eit maxi-yatzy.
Yngstemann kjem heim frå Berlin om eit par timar. Frøkna gler seg til å spele yatzy med han!
Arrangørane var godt nøgde med åresalet. Inntektene går til heis på bedehuset. Det kan no vere ei god investering, så kjem vi oss alle på basar når vi vert gamle.
fredag 30. september 2011
Tomatsuppe
I dag stod det ein pakke gardsegg utanfor huset då eg kom heim etter ein travel dag og ei travel veke på jobb. Eg bestemte meg raskt for å lage tomatsuppe, slik at eg fekk smake på dei ferske egga.
Det går ein reklame på TV no om kor trygt det er med tørka mat, altså det eg kallar pulvermat. I fare for å fornærme nokon, så meiner eg at det er ikkje særleg stas med tomatsuppe frå pose. Næringsinnhaldet kan umuleg verte det same. Ein tomatboks får du for 5 kroner, så dette er rimeleg mat.
1 liten løk, finhakka1 båt kvitløk, finhakka
1 ms smør eller olje
1/2 ms kveitemjøl (kan sløyfast)
1 boks tomatar
5 dl vatn
1 grønsakbuljongterning (ev. annan buljongterning/2 ts buljongpulver)
1/4 ts pepar
1 ts basilikum eller oregano
ev litt salt og/eller sukker
1. Surr løken og kvitløken i olje eller smør til løken vert mjuk.
2. (Ha i kveitemjøl)
3. Spe med vatnet og ha i resten av ingrediensane.
4. Lat suppa koke i 5 minutt eller meir. Mos ho med stavmiksar.
Servér suppa med egg som du har kokt smilande, omtrent 7 minutt. Eit ostesmørbrød attåt smakar også godt. Ein kan gjere suppa mildare/meir "barnevennleg" med å ha litt (1 dl) mjølk i.
torsdag 29. september 2011
Kyllinglår
Sist vi var i Ørsta, stakk eg innom Rema 1000 og kjøpte rå kyllinglår til 76 kroner for 2 kilo. Det er eit produkt dei manglar på Prix. Derfor er det også sjeldan kost her i huset.
Denne veka har eg kome sist heim kvar einaste dag. Eg har vore to gonger til bya i embeds medfør. I dag var eg til frisør. Frøkna skulle til Vardal og spele kamp, og faren skulle vaske for neste års Polentur. Så middagen vart i dag erstatta med grovbrød med makrell i tomat.
I staden for å lage suppe steikte eg kyllinglår i omnen. Attåt surra eg dei grønsakene eg hadde i hus, nemleg raudløk, kvitløk, purreløk, stilkselleri. skvåsj, gulrøter og paprika. Etterpå hadde eg i ein boks tomatar, pizzakrydder, litt ekstra basilikum, salt, sukker og pepar.
Ein kan servere brød til denne retten om ein vil.
Fotballspelaren kom glad inn døra. Dei hadde vunne 4-2, og så var her middag!
P.S.
Fekk retta kylinglår til kyllinglår. Viss ikkje hadde eg vel risikert like mange treff som på jutubinnlegget mitt ...

Romeo and Juliet
Vi har kome til Romeo and Juliet i engelskboka. Der er vist til to filmar, den gamle frå 1968 og den nye moderne versjonen frå 1996. I fjor skaffa eg meg gamleversjonen, men har ikkje kome så langt som til å sjå han.
Dei siste åra har vi sett den nye med Leonardo Di Caprio. Elevane mine fekk velje i år, og dei valde den gamle versjonen - heldigvis. Det er berre å innsjå at 1996 også er gammalt for dei. Leonardo Di Caprio er ingen ungdomshelt lenger.
Versjonen frå 1968 er tru mot teksten og samtida og derfor mykje lettare å forstå. På førehand åtvarar eg mot at dette er ikkje underhaldningsfilm, men eit klassisk stykke som dei bør ha kjennskap til. Det gjer at ein slepp å høyre kor kjedeleg ting er. Det ser derimot ut som dei kosar seg. I morgon skal vi sjå den tragiske slutten. Eg gler meg!
onsdag 28. september 2011
Bok 48: Flimmer
Denne krimboka har Anne Holt skrive saman med Broren sin Even Holt som er lege.
Den som skal løyse krimgåta er Sara Zuckermann, ein jødisk/amerikansk lege busett i Norge. Ho opererer inn hjartestartarar. Desse viser seg å ha ein innprogrammert feil. Så gjeld det å finne ut kva motivet er, økonomi eller hemn?
Eg synest boka er spennande. Holt og Holt skriv godt og sakleg. Språket er variert og godt. Her manglar humor og snert, men det er ikkje noko krav i krimsjangeren.
Når ein les boka som lydbok, krev det full konsentrasjon, for her er mange personar å halde greie på. Eg har spolt litt tilbake av og til for å få med meg alt.
Eg likte boka godt!
Les gjerne meir på Bokkilden.

tirsdag 27. september 2011
Skuletur til Atlanterhavsparken
Tiandeklassingane har nettopp kome attende frå tematuren sin til Tyskland og Polen. I går tok vi med dei som av ulike grunnar ikkje kunne vere med, til Atlanterhavsparken. Høgdepunktet er kvar dag klokka eitt når ein mann dykkar ned og matar fiskane i det største akvariet.
Eg hadde berre med eit lite lommekamera, så bildekvaliteten er dårleg, men blogglesarane får kanskje eit lite inntrykk. Dette er eitt av dei små akvaria. Der er fiskar i alle storleikar og fargar.
Det er viktig å ta seg tid til å lese informasjonsplakatane. Der var også ein heil serie om havørna.
Ute er der pingvinar. Eg tok bilde av dei og elevane. Desse bilda har eg ikkje lov til å legge ut på bloggen. Men der var enkelte andre som smilte til fotografen!

Abonner på:
Innlegg (Atom)