søndag 14. desember 2014

3. søndag i advent

I dag skulle eg tatt bilde frå trimturen min, men lånemobilen er ikkje utstyrt med kamera. Så det får bli eit bilde av middagsbordet i dag og.  Inspirert av mi eiga undervisning vart det i dag Rogan Josh med lammekjøt og naanbrød, begge oppskriftene frå den nye kokeboka vår.

Litt meir baking vart det etter middag.  Eg steikte først tre grovbrød, så rørte eg saman ei fruktkake, den same som eg plar lage. Kaka skjer eg i ni bitar og pakkar inn i folie og frys.  Der var ei liknande oppskrift i førre familien.  Eg ser ikkje vekk ifrå at eg kan finne på å bake den også.

Veka som kjem er ei av dei travlaste på jobb med juleverkstad og juleball.  Så ein må unne seg å ligge litt på lading søndagen før ...

lørdag 13. desember 2014

13. desember

 No har vi nettopp ete lussekattar og drukke varm sjokolade. På jobb har eg laga deigar slik at elevane kunne bake ut lussekattar.  I går gjekk nokre lærarar og assistentar rundt i klassene og sang og delte ut lussekattar.  Dei som er ven med skulen vår på facebook, kan sjå bilde.

Sjølv hadde eg 75 g safran liggande i krydderskåpet.  Det smakar sjølvsagt mykje betre i baksten enn gurkemeie!
 Rett før vi sette oss for å ete middag, kom kofferten til studenten på døra.
Det er like koseleg kvart år å ta fram desse grautskålene med seks ulike motiv.

fredag 12. desember 2014

12.desember

I dag kom studenten heim frå hovudstaden etter første semester.  Han kom heim, men kofferten har reist ein annan stad.  Først tenkte han på genseren eg strikka.  Etter kvart vil han sakne linsene sine og brikka til minibanken.  Julegåver skal kjøpast på nett.  Vi får håpe kofferten snart kjem til rette!

I går var eg på ein liten handlerunde.  På Kid fann eg "voksduken" på bildet.  Alle julevarer er halv pris dei to siste vekene før jul. Eg føler eg gjer ein skikkeleg dårleg handel dersom eg betaler full pris for varene på enkelte butikkar ...

Ærendet i byen i går var å få levert inn mobilen som har vore heilt daud eit par dagar.  Eg er spent på korleis det går.

torsdag 11. desember 2014

Müslibrød

Inspirasjonen til å bake til jul har late vente på seg.  I går sjekka eg Opplysningskontoret for brød og korn si nettside og fann nokre rundstykke eg ville bake.  Det vil seie, eg kom fram til at det er like kjekt med brød, for då kan ein dele opp i større eller mindre skiver.  Deigen laga eg i brødbakemaskina, men ein kan bruke den maskina ein har. Baksten gjekk unna, så julebakst kan det knapt kallast.  Men når jula kjem, kan eg bake meir etter kvart!

Eg har endra litt på oppskrifta som de finn her, eg har skifta ut vatn med mjølk og egg.  Eg vil og anbvefale litt søtt i dette herlege brødet som ein gjerne kan servere til ost.
1/2 pk gjær
3 dl mjølk, lunken
1 egg
1 ts salt
1 ms honning/sukker?
100 g havregryn
100 g sammalen kveite, grov
300 g kveitemjøl
1 dl graskarkjerner

1/2 pk svisker, i bitar
1/2 pk aprikosar, i bitar

Smuldr gjæren i bakebollen.  
Ha i væska og resten av ingrediensane unntatt tørka frukt. 
Lat maskina gå i ca 10 minutt medan du deler opp frukta - gjerne med saks.
Lat deigen heve under plast i ca 1 time.
Form brødet.
Etterhev ca 40 minutt.
Steik ved 200 grader ca 1/2 time.
Avkjøl på rist.

onsdag 10. desember 2014

Bok 59: Innsirkling 2

Eg synest denne romanen starta litt tregt.  Det vart mykje "utanomsnakk", og personane verka perifere.  Men på slutten tek det seg opp.  Historia tek ei litt uventa retning - heldigvis!

På slutten er det og ein skukkeleg cliffhanger.  Godt eg har trearen liggande!

mandag 8. desember 2014

8. desember: Julekyr

I dag hadde eg såpass mykje energi att etter jobb, kanskje fordi eg berre sat tentamensvakt eit par timar og retta ferdig norskbunkane mine resten av dagen, at eg unnte meg ein handlerunde i Ørsta.  der dreiv eg litt hemmeleghandel før eg besøkte foreldra mine.

Julekuforma fekk eg på Coop.  Her har den kreative i familien ei utfordring.  Eg tenker og på ei bloggvenninne som samlar på kyr!

søndag 7. desember 2014

2. søndag i advent

 Då lyset kom att i går, begynte frøkna på julebaksten. I dag har ho halde fram med peparkakehus og "julemanna". Sjølv har eg kome godt i gang med rettinga. Norskbunkane skal verte ferdige før eg får inn engelskbunken. Eg trur eg kan seie at eg er halvvegs.  I fjor sat eg i romjula, noko eg vil prøve å unngå i år.  Ein av lærarane eg samarbeider med i vurderingsarbeidet, sluttar dessutan til jul.  Det gir meg eit ekstra spark bak!
 På facebook ser eg at snøen har begynt å kome i indre strøk.  Her smelta sluddet etter kvart som det nådde bakken.
Denne veka har vi laga kjøtkaker og riskrem på skulekjøkenet. Det inspirerte meg til å koke byggrynsgraut i går, så kunne eg lage byggrynskrem i dag til dessert.  Eg steikte berre kotelettar i dag for å ha noko enkelt midt i rettinga.

Fredag kjem studenten heim frå hovudstaden.  Det gler vi oss til!

lørdag 6. desember 2014

6. desember: Straumlaus

Straumen gjekk i halv åtte-tida og kom att eit par timar seinare.  Nokre kalla det beste sendetid, sjølv er eg ikkje så redd for å gå glipp av laurdagsunderhaldning.  Elles ryktast det at Erna sat mitt i middagen.

Det er vel to år sidan staumen var lenge vekk i jula.  Her kom og for han.  Andre var straumlause i fleire dagar i strekk. Då kom vi fram til at det som lyser best opp, er flytelys i glasskåler. I slike situasjonar er det greitt at det har dotte nokre lyspakkar ned i handlekorga i løpet av året ...

fredag 5. desember 2014

5. desember

I dag kom det nye kupongar i posten. Då eg skulle ta dei med, oppdaga eg at eg ikkje hadde brukt dei førre.  Så i dag slo eg til og brukte fem av dei.

Denne helga har eg to tentamensbunkar i veska.  Er eg flink i helga, kan eg ta meir fri når dei unge menn kjem heim, den første i slutten av komande veke.

torsdag 4. desember 2014

4. desember

Det er travle dagar på jobb for tida, både med planlegging og retting.  Men litt tid til TV-sjåing og strikking vert det om kveldane.  No ser eg snart enden på bolen.  Kanskje eg kjem så langt at eg kan ta fram symaskina laurdag!  Som de ser skulle det leggast opp ekstra masker i ermopninga.  Slik eg forstår mønsteret, skal ein plukke opp masker langs ermet og strikke det nedover.  Monteringarbeidet vert ikkje utsett til slutt.  Det kan no vere ein fordel.
Slik såg arbeidet ut for fire veker sidan.

onsdag 3. desember 2014

Bok 58: Innsirkling

Som mange blogglesarar veit, har Carl Frode Tiller kome ut med to bøker til "Innsirkling 2" og "Innsirkling 3".  Eg begynte på den andre i trilogien, men fann fort ut at eg måtte lese einaren om att.

Skriv ditt liv?
Idéen om å la andre fortelje deg kven du er, eller skape minnet ditt, er interessant.  Arvid sine vener og slektningar skriv brev til han. Vi vert gradvis kjend med han gjennom ulike personar som har kvar sin versjon av fortida, eller kvar si vinkling?

Så spørs det om Arvid verkeleg ikkje hugsar noko?

Eg er i gang med "Innsirkling 2"!

tirsdag 2. desember 2014

2. desember: Baby shower

Av alle dei amerikanske skikkane som invaderer landet, må dette vere ein av dei kjekkaste!  Bleiekaka laga eg saman med to andre. Oppskrifta fann vi på nett med instruksjonsvideo. Vi laga spleisefest saman med og overraska ho som skal bli mor! No har alle tippa namn, fødselsdato, mål og vekt.  Time will tell!

mandag 1. desember 2014

1. desember

Førre veka vart det litt sløvt med blogginga.  Vanlegvis lagar det seg noko å skrive om kvar dag.  I desember skal eg prøve å kome med ein liten stemningsrapport kvar dag.

I dag talde eg så lenge på knappane om eg skulle ta meg ein bytur, at eg slo det frå meg. Men litt mat måtte eg ha.  På veg heim att var det så fin musikk i bilen, og så kom eg plutseleg på at eg skulle kjøpt meg ei minnebrikke.  Turen gjekk raskt over Eidet.  Det vart det mykje mallwalking og lite shopping.

No skal eg koke meg eit par egg og reinse meg litt ansjos.  Det er trass alt desember!

At bildet ikkje vart heilt skarpt, skuldast nok fotografen, ikkje minnebrikka.

søndag 30. november 2014

1. søndag i advent

Til advent pyntar eg med litt lilla i stova, men sidan julegardinene er knallraude, fann eg fram nokre kvite kubbelys som datt ned i handlekorga mi på eit 10-kronerskupp.
Desse serviettane trur eg eigentleg er frøkna sine ...

30. november

På runden min i dag gjekk eg forbi desse sauene.  Dei er nok lykkelege i det milde veret, uvitande om at dei har sluppe unna årets julemiddag. Det er elles ikkje mykje som minnert om jul... 
...eller vent no litt! Traktoren har fått julelys!
 




I hagen er det framleis roser.  Både peaceroser og aloharoser står i knopp.  Held mildveret fram, kan vi kanskje plukke inn roser på julaftan!

lørdag 29. november 2014

Salmelaurdag


Innimellom huslege syslar og handerunde har eg i dag gløtta på Salmeboka minutt for minutt.   Der dukka det opp eit kor som eg las om på strikkesida.  Genserane deira er strikka av to damer som akkurat vart ferdige.

I tretida i dag fekk vi høyre flott salmesang av Hareid kammerkor!  No i kveldninga dukka svoger og svigerinne opp blant publikum. 

fredag 28. november 2014

Svart dag?


I går sat eg og sjekka Facebook medan eg såg på TV.  Begge stader dukka det opp svart skjerm med kvite bokstavar.  Det er Black Friday i morgon!  Sjølv assossierer eg det med IRA og Bloody Friday.  Men nei, dette er nok ein amerikansk kjøpefest!  Som blogglesarane veit, har eg stritta imot både Valentine og Halloween.  Ikkje fordi eg ikkje ønskjer romantikk og festar, men fordi dei som ivrar mest for feiringane, er dei som vil selje meir. Og er det noko vi gjer nok i Noreg om dagen, så er det å shoppe.

I morgon er det dessutan "kjøpefri dag".  Ein kjem fort i eit dilemma: Kva er ein mest for eller imot, Black Friday eller handlefri dag? Det er ikkje lett å halde seg unna butikkane no når ein vil kome i gang med gåvekjøp. Så i dag gjorde eg som eg plar på fredagsettermiddagane, tok meg ein handletur i bygda. 

Bildet over er frå eit blad eg kjøpte i går.  Det er kanskje nokre i slekta som kjenner att den gamle kakeboksen?

søndag 23. november 2014

23. november

 I dag har frøkna og eg sete med skulearbeid.  Ho har jobba med lekser, og eg har retta prøver.  I går retta eg ein av fire bunkar, og dei tre siste tok eg i dag.
Karane har sjølvsagt sett cupfinalen.  Etterpå serverte eg svinesteik til middag. Buketten fekk forfattaren då han var i oppdrag i Fosnavågen torsdagskvelden. Bilda er tekne med mobilkamera.  Eg greidde nemleg å knekke minnebrikka til speilreflekskameraet i går.

Veret har vore mildare i dag, og ein merkar på lyset at det nærmar seg desember. Klokka tre, då eg tok bilda, var det begynt å mørkne. Det er fire travle skuleveker att fram til jul. Studenten har to eksamenar i veka som kjem.  Han har det travelt, men så får han også litt lengre ferie enn oss.  Vi gler osss til han og broren kjem heim!

lørdag 22. november 2014

Laurdagssyslar

Gjennom skuleåret lever eg etter ein fast timeplan frå veke til veke.  I år hender det eg rekk å vaske fredagskvelden, men vanlegvis er vekevasken ein laurdagsaktivitet.  Belønninga i dag var ein fin gåtur til sentrum.  Nokon storhandel vart det ikkje, men eg fekk meg ein brosjyre med dei nye Skappelgenserane.




Denne gongen må ein kjøpe eitt og eitt mønster til 50 kroner viss eg har forstått det rett.  Vanlegvis får ein eit heilt hefte for den prisen, men så endar ein no stort sett med å strikke ein av modellane.  Då går det no ut på eitt.
Kanskje denne vert mest populær?  Frøkna likte den best.  For tida driv eg med saktestrikking.  Skuldrene toler ikkje så mykje, og så strikkar eg på tynne pinnar.

Klutane på bildet kjøpte eg på 10-kronerssal, og dei vil eg verkeleg anbefale, også etter at prisen har stige til 11 kroner!  Dei kjennest som froté når dei er våte, og dei tek skit godt.  Verkeleg vanskelege flekker kan ein ta med det forsterka hjørnet. 

Det får vere dagens reklame!

God helg!


fredag 21. november 2014

Førjulstid og julestri

 Det er ikkje mange leksjonane att på skulekjøkenet no når det nærmar seg jul.  Dagar vert brukte til tentamen.  Så denne veka har vi allereie begynt med julebaksten.  To og to elevar samarbeider om å lage risgraut og berlinerkransar. Ein liten porsjon vert med heim.

Eg håper heimane set pris på desse små porsjonane med bakst som elevane har laga!

Då borna gjekk i barnehagen baka dei og laga gåver som dei pakka fint inn.  Eg tenkte alltid på kva innsats som låg bak dette frå dei vaksne si side, og eg sette stor pris på at borna fekk gjere førjulsaktivitetar både i barnehage og i barneskulen.  Om eg var flink å formidle dette til dei vaksne, er ei anna sak.

Tida framover er travel, men kjekk.  Så får ein sjå kor mykje ein bakar heime ...
Eigentleg burde ein styre unna sosiale medium i førjulstida.  Ein kan lett få inntrykk av at alle gjer alt.  I går kom det ein artikkel om ei åttebarnsmor som laga pakkekalender til alle åtte. Det må ho sjølvsagt få gjere.  Men er det nødvendig? Treng norske born 24 gåver før jul?  Sjølv laga eg slike kalenderar nokre år.  Då fekk dei kvar fjerde dag.  Eigentleg burde ein lære borna å gi, ikkje berre å få.  Så min kommentar til artikkelen vart: Saml ungane og snakk om dei som svelt i Afrika og kor mykje mat ein får for kalenderpakkepengane der!

torsdag 20. november 2014

Bok 57: Jenta som sluttet å snakke

Dette er den fjerde krimboka med journalisten Kajsa Coren.  Romanen har fått merksemd for miljøet ho har tatt tak i. Karsten, mannen til Kajsa, er sjukmeld politimann.  Han kjem seg bokstavleg talt på beina att.

Romanen er lettlesen og underhaldande. Mordgåta og oppklaringa følgjer oppskrifta på krimroman.

 Det er sjølvsagt artig å lese frå sitt eige nærområde.  Nokre stader er oppdikta medan andre er kalla med sitt rette namn.

Trude Teige burde sjølvsagt ha skrive på nynorsk når ho er sunnmøring og skriv frå Sunnmøre. Stivt bokmål kler ikkje romanen. Opplesaren les til dømes Go'øya i staden for Godøya.  Det vert berre heilt feil for lokalkjende!

onsdag 19. november 2014

Fryseskåp

I går sat eg i godstolen og kvilte meg då alt plutseleg var svart.  Huset vårt mangla straum medan naboane hadde.  Mannen vart kommandert ned i sikringsskåpet.  Der hadde jordfeilbrytaren slått seg av. Hovudmistanken gjekk til varmepumpa.  Men den var det ikkje.  Ikkje var det datamaskina eller fjernsynet heller.  Då stilte eg meg opp ved sikringsskåpet medan mannen drog ut kontakter. Det viste seg fort å vere den gamle fysaren frå slutten av 80-talet ein gong som var syndaren.

Er det berre eg som vert glad når ting sluttar å virke?  Eg har lenge hatt lyst på eit fryseskåp, men i tillegg til to frysarar har det vore litt overdrive!  I føremiddag stakk eg innom butikken og bestilte meg eit.  Eg valde det største - heldigvis.  Far min åtvara på førehand om at der er mindre plass, og det stemte sjølv om eg trur literkapasiteten er den same.
No har eg rydda og vaska og fått nesten alt i skåp.  Unntaket er nokre kilo plommer som no står på kok.  Plommesylte går unna her i huset.

I skåpet er det no god oversikt.  Blogglesarane lurer kanskje på kva dei ser på bildet!  Ein frys isbitar oppe, så vrir ein rundt.  Då skal dei ramle ned i skuffa under. 

mandag 17. november 2014

Bok 56: Og fjellene ga gjenlyd

Afghanistan, 1952. Abdullah og søsteren Pari bor sammen med faren, Saboor, og stemoren i den lille landsbyen Shadbagh. Saboor er arbeidsledig, og familien lever i fattigdom. Søsknene legger en dag ut på en reise til Kabul sammen med faren, lykkelig uvitende om skjebnen som venter dem.

Og fjellene ga gjenlyd spenner over generasjoner og kontinenter, fra Kabul til Paris, fra San Francisco til den greske øya Tinos. Med sin umiskjennelige sans for visdom, dybde og innsikt skriver Khaled Hosseini om mellommenneskelige forhold, det som definerer vårt liv, hvordan valgene vi tar gir gjenklang i fremtidige generasjoner og hvordan vi ofte blir overrasket av dem som står oss nærmest.

Eg las Drageløperen med stor interesse i si tid.  Denne romanen får eg aldri taket på.  Han spenner vidt i tid.  Det vert mange personar og historier å halde greie på.  Eg har brukt relativt lang tid på å lese boka, kanskje nettopp fordi eg ikkje har hatt nok interesse av henne til å sette av tid.  Som lesar hadde eg problem med å halde fokus.  Kanskje forfattaren skulle gjort det?

Blogglesarane får gjere seg opp si eiga meining!

søndag 16. november 2014

16. november

I dag rakk forfattaren å kome heim frå hovudstaden før mellomstemann reiste attende etter perm.  Så fekk vi samle alle, berre ikkje yngstemann.  Han kjem heim på juleferie om knappe fire veker.

Tida flyg.  Førre veke baka vi lefser saman med besteforeldre.  Eg trur to rekordar vart sette.  Ein dag møtte tre bestefedre fram!  Den andre rekorden? Eg plar seie at bestemødrene vert yngre for kvart år.  I år kom det ei som var eitt år yngre enn meg ... Komande tysdag inviterer niande steg til besteforeldrefest.  Det er alltid kjekt.



lørdag 15. november 2014

Feiring av far!



I dag har dei som kunne, vore samla i Ørsta for å feire far min ein dag på etterskot. Tradisjonen tru serverte mor mi julemiddag, altså pinnekjøt.  Til kaffien hadde ho laga mange gode kaker.  På bildet er han saman med tre av dei åtte gutane han er bestefar til.  Eldstemann kom litt ut på dagen. Blogglesarane finn fleire bilde på dei andre bloggane!

Eg er litt årstidforvirra om dagen.  Som de ser kunne mor mi plukke inn lilla klematis frå hagen.  Tek ein seg ein tur inn i ein butikk, er der pynta til jul!

fredag 14. november 2014

Gratulerer!

I dag fyller far min 78 år.  Vi gratulerer!  I dette høvet har vi funne fram eit bilde som må vere omlag 11år gamalt?  I morgon skal vi feire han i Ørsta.  det gler vi oss til!

mandag 10. november 2014

Fornying frydar

 I dag kjøpte eg meg den årlege nye steikepanna. Coop hadde kupp på 299.  Etter å ha eigd både dyre og rimelege variantar, har eg kome fra til at dei varer omtrent like lenge.  No skal Jamie Oliver sin variant utprøvast.
Så får ein koke seg ein kopp te og drøyme seg "over there".  Koppen har eg fått av ei venninne som nettopp har kome heim frå New York, Washington og New Orleans.  Time will tell ...

søndag 9. november 2014

Farsdag 2014

Farsdagsfeiringa her i dag har vore heller enkel.  Sidan vi hadde folk her i går, vart det servert restar, ikkje at det var simpel mat.  Bigset skulekorps arrangerer messe ein gong i året.  Vi var der for å høyre song og musikk. Der er innslag frå scenen i gymsalen fordelt utover dagen.  Litt småtteri vart no med heim og.  I tillegg til lokale utstillarar, er der nokre tilreisande med mellom anna spekemat, julepålegg, honning og syltetøy.

Tysdag ventar vi mellomstemann heim på perm.  Han vert heime slik at han kan vere med å feire min eigen far, som har gebursdag til helga.  Det gler vi oss til!

fredag 7. november 2014

Nytt prosjekt

Då eg strikka på tjukke pinnar, måtte eg ta meg ei veke pause.  Høgre skuldera mi toler ikkje all verda.  Så no har eg tatt fram tynne pinnar og gitt meg i kast med mønsterstrikk.  Når eg strikkar mønster, kastar eg med venstre hand.  Det har eg alltid gjort.  dermed vert høgrehanda meir avslappa.

Eigentleg ville eg begynt på eit omtrent monteringsfritt plagg.  No har eg gjort det stikk motsette!  Her skal det klippast opp og leggast opp masker både framme, nede og på skuldrene. Finull er eit garn der plagga berre vert finare med bruk, synest eg. 

torsdag 6. november 2014

Bok 55: Frost

Denne romanen har eg hatt liggande ei stund.  Etter å ha lese "De usynlige" av same forfattar, fann eg fram att "Frost".  Romanen tek oss attende til Island, Noreg og delar av Storbritannia rundt år 1000.  Vi følgjer Gest som må røme frå Island etter å ha drepe ein høvding.

Romanen er interessant med tanke på å lære noko om vikingtida.  Meg fengde han ikkje heilt.  Men eg ser at romanen har vore nominert til Nordisk råds litteraturpris, og at han får gode omtalar.




onsdag 5. november 2014

Skappeljakka 1

No kan eg endeleg vise fram Skappeljakka eg har strikka til Olaug.  Ho er godt nøgd med henne, og kunne tenke seg fleire modellar frå boka.  Med litt hjelp, vil ho greie det sjølv, meiner eg.  Garnet er Mini Alpakka frå Sandnes og Fearytale.

Elles får eg litt hjelp til å mekke på denne sida, så her kan bli små endringar. Men alle skal få vere på blogglista!  No er det avgrensa til 25, så dei som har slutta å blogge, vil berre kome innatt om dei startar opp att.

tirsdag 4. november 2014

Månelyst

I dag lyste månen opp vegen på bortsida av vatnet.  Fem grader og vind gjorde det til ein frisk tur!

Mobilkameraet greidde ikkje betre ...

mandag 3. november 2014

Når favoritten forsvinn ...

Eg har ein favorittmüsli.  Siste månaden har han ikkje vore i butikkhyllene i bygda.  Eg har etterlyst han utan respons.  I dag tok eg meg endeleg ein bytur.  Blogglesarane har kanskje merka at det er lenge sidan eg har tatt dei vanlege byturane på måndagane.  Det skuldast rett og slett at eg har kome så seint heim frå jobb.  Så lenge sidan var det at eg rota meg litt vekk i trafikken.  Så fekk eg sjå ei halvvegs ferdig ny rundkøyring.  Bilen vart parkert i gangavstand til Mega.  Der hadde dei oransje pakkar med Coop müsli!  Då er han framleis i handelen.  I framtida håper eg han dukkar opp i hyllene på Coop Extra med godt utval og låge prisar!  I mellomtida et eg den greske yoghurten med litt fruktyoghurt og müsli.

søndag 2. november 2014

Montering må til!

I dag har eg sydd i ermane på studenten sin genser.  Oppskrifta er frå pt design sitt siste herrehefte.  På pinnar nummer 8 var den rask å strikke, men eg merkar at så store rørsler er tyngre for skuldrene enn å strikke på pinnar nummer 3.

Garnet er naturkvit Mitu og grå og naturkvit Puno.  Genseren er mjuk og lett. Yngstemann ville ha ein smal modell.  Eg meiner genseren må bli fin til vinteren når han sit på førelesingar.

lørdag 1. november 2014

1. november

I dag har eg vaska hus og laga blandabalj.  Ein biverknad av eit sjukehusbesøk, var at eg fekk frakta fisk utover.  Målet for dagen var å lage så mykje blandabalj at eg har til ein middag i veka fram mot jul.  I morgon er planen å lage fiskekaker til tilsvarande mange måltid.

Men ein tur på folkebiblioteket tok eg meg tid til.  Der fann eg meg nokre bøker i dag og.  Berre eg no greier å kome meg gjennom den eg held på med.  Det går mildt sagt treigt.

Det skal visst vere handlefri dag i dag, men eg måtte prøvekøyre bankkortet før eg oppsøker enkelte butikkar i bygda.  Med kontantar i reserve og nedskriven kode, følte eg meg trygg på at det skulle gå bra.  Og det gjorde det.  Blogglesarane skal snart få sjå både det nye og dei snart ferdige handarbeidsprosjekta mine.  Det eine er rett nok frøkna sitt.

Etter ein kjølig og klår oktoberdag i går, vakna vi til 17 grader og regn i dag. Ein kan håpe på ein fin november!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...