torsdag 7. juni 2012

Hagevandring

 I fjor hadde eg ein plan om at eg skulle kunne vise fram heilskapsbilde frå hagen.  det skulle bli lura og fint overalt.
 Men så er det no slik at der det er fint ei veke, kan det vere visna blomstrar neste.  Her planta eg ut alle potterosene mine i fkor haust.  Det ser ut som dei skal få ein ny vår - eller sommar.
 Desse har nok sådd seg sjølv innimellom perleblomstrar.
 Desse blada veks seg store ved sida av komposten.
 I alle paradis er det ein slange!
Det var enkelte i familien som var lei av den gamle engletrompeten og gav han utnamnet skaberakket.  No har eg fåt meg ein avleggar av ein litt annan type.  Den er lettare å få til å formeire.

I dag har eg hatt ein lang og intens arbeidsdag i Volda.  Då er det godt å rusle seg ein tur ut i hagen og plukke litt løvetannblad og skvallerkål til kaninane i kveldinga.  

onsdag 6. juni 2012

Gratulerer Olaug!

 I dag kan vi gratulere Olaug med 15-årsdagen!  Ho vart fødd på svenske flaggans dag for ganske nøyaktig 15 år sidan (Kl.20.00).
 Vi har ofte plukka inn raude peonar og pynta med på dagen hennar, men i år har den ikkje sprotte ut enno. Også i år har han seks knoppar.
Noko feiring av dagen har vi ikkje lagt opp til.  Ei venninne hadde med cupcakes på skulen, noko dei har begynt med i det siste. No har ho besøk av eit par andre venninner.  Elles har vi kosa oss med kaker frå frysaren som Besta har baka.

tirsdag 5. juni 2012

Restekjærlighet

I utgangspunktet hadde eg ikkje tenkt å kjøpe denne boka sjølv om ho kom på coop-kupp.  Men så las eg i medlemsbladet at den er eit ledd i ei satsing på å kaste mindre mat, og eg vil no følgje med i tida!  Det vert kasta for mykje mat i Noreg.  På skulekjøkenet har vi dette som tema kvart år.  Viss nokon lurer på kva eg ønskjer meg til fødselsdagen min, så er det ny bokhylle!
Ein firedel av maten i Noreg vert kasta!
Ein del lesestoff, ikkje bere oppskrifter, er viktig i kokebøker.
  Så mange eggeplommer vi bruker om dagen, vert det ein del egggekvitar til overs.  Eggekviteomelett høredt noko smaklaust ut.  Sunt er det sjølvsagt.
Eg skal innrømme at eg kjøper bernaise- og hollandaisesaus som posemat.  Knip inn på smøret gjer eg og.  Faren for at om eg begynner å lage sausane frå grunnen av, så vil eg halde fram med det, er vel stor?

I boka er der ei blanding av nye og gamle oppskrifter.  Eg meiner ho er verd sine 129 kroner.  Om ein av ungdomane i familien vil ha boka, skal dei få ho.  Vi som levde på 60-talet kan vel dette?

P.S.
Om noko vil vite kva eg bruker eggekvitar til, så kan eg røpe at eg puttar litt i kvart brød i brødbakemaskina eller i vanleg grovbrød.  Då kan ein ha meir grovt i brøda med god heving.

mandag 4. juni 2012

Håvamål - "den høges tale"



Nokre av oss går rundt og kan ein strofe eller to frå Håvamål.  I dag kom eg opp i ein liten diskusjon så pass at eg måtte slå det opp.


Dei var ikkje dumme forfedrane våre, og vi ser fort at dei har gjort seg nokre erfaringar - ikkje så ulike folk sine erfaringar i dag, vil eg tru.


Det som "alle" bør kunne:


77.
Døyr fe;
døyr frendar;
døyr sjølv det same.
Eg veit eitt
som aldri døyr,
dom um daudan kvar.

Som ein god nummer to:


11.
Betre byrdi
du ber 'kje i bakken
enn mannavit mykje.
Med låkare niste
du legg 'kje i veg
enn ovdrykkje med øl.


Dei døgna kanskje før og?


23.
Vitlaus mann
vaker all natti
tenkjer både upp og ut.
Han er trøytt og mod
når morgonen kjem,
og alt er flokut som før.

Her gjeld vel likestilling?


93.
For elskhugen din
ingen mann skal
gjeva deg last og lyte.
Ofte klok mann fell,
der fåmingen stend,
for eit ovfagert andlet.


Viktig livsinnstilling:

71.
Er du halt, kann du ride,
handlaus gjæte,
er du dauv, kann du duga i strid.
Blind er betre
enn brend å vera;
daud mun ein lite duga.

Resten finn du her.

Håvamål er nedskrive på 1200-talet, men ein meiner det kan ha vore dikta frå 800-talet.  Bokstavrima gjer det lett å lære.

søndag 3. juni 2012

Øving gjer meister

I går var eg på hotellet og åt treretters middag.  Eg tenkte eg kanskje skulle slå til med noko litt avansert i heimen i dag.  Men då eg høyrde med "gjestene", var dei samstemde: Heimelaga pizza! Journalisten stakk innom litt tidlegare, så han vart invitert.  Eg gløymde at frøkna var på Lillehammer då eg dekka bordet.  No har dei fått streng beskjed om å ikkje ete opp hennar porsjon.
 Veret er ikkje noko å skryte av på Sunnmøre i dag.  Det regnar! Desse staudane stod fint i hagen.
 Førre helg gonga eg opp denne oppskrifta til 500 g av smør, sukker og mjøl. På toppen hadde eg 1100 g rabarbra.
 Måndag fraus eg ned omlag halve kaka.  I går tok eg ho opp att frå frysaren.  Eg kokte vaniljekrem med vaniljesukker.  Den vart litt gråare enn den eg laga for ei veke sidan.
Dette vaniljesukkeret har eg reklamert for før.  Det er det beste eg har funne i butikkane.  Etter at eg hadde laga vaniljekremen, kom eg på at eg har lært at ein skal ha i vaniljesukker heilt til slutt utan at det får koke.  Skal tru om det gjeld ekte vaniljesukker? Til best kjem eg i alle fall til å koke vaniljestang.
Eg synest liksom aldi det vert nok eple i eplekaker og rabarbra i rabarbrakaker.  Så eg fann ut at eg skulle koke litt rabarbra attåt.  Eg fann ikkje jordbær i frysaren.  Derimot hadde eg fleire posar med bjørnebær, sikkert frå eit kupp i vinter. Kokken på 4-stjerners middag vil ikkje ha potetmjølsjamning på kompottar.  Så eg let bæra smelte, og kokte 300 g bjørnebær, 300 g rabarbra og 1 1/2 dl demerarasukker. 
Så fekk folk forsyne seg som dei ville.

Det er ikkje alltid ein vert 100% fornøgd med maten ein lagar.  Eg synest det er viktig å eksperimentere og evaluere.  Ein annan gong lagar eg kanskje rabarbraskuffekake med 400 g smør og sukker til dømes.  Om eg kombinerer bjørnebær og rabarbra seinare, står att å sjå.  Eg synest kanskje rabarbraen vart litt dominerande.  Svisker og aprikos synest eg har vore betre.

NB!
Via ein annan matblogg kom eg over ein link til denne sida.  Der kan de lese om rabarbra.  Eg prøver å plukke min rett etter at blada ikkje er "knudrete" lenger.  Ei eg kjenner, bruker stilkane etter kvart utover sommaren.  Det ser ikkje ut som ein skal vere så engstelege for oksalsyra som eg har vore!

Men i jonsokhelga skal eg hauste all rabarbraen for at den som kjem seinare skal kunne etast!

lørdag 2. juni 2012

Bok 27: Carmine Street

Eg må innrømme at eg las berre ei av bøkene om Van Veeteren ein gong på 90-talet, og etter det har eg styrt unna Håkan Nesser.  Det var noko med dei oppdikta stadene og namna som gjorde det vanskeleg for meg å henge med.  Og så vart eg hekta på Henning Mankell sine bøker om Kurt Wallander.  Filmatiseringa av romanane til Nesser har eg derimot fått med meg - og likt.

Carmine Street er ein frittståande kriminalroman.  Lenge lurte eg på om det var krim.  Der var mange refleksjonar som gjorde romanen til noko meir.  Krimgåta var og annleis, og ikkje minst oppklaringa.

Eit ektepar opplever at barnet deira vert bortført.  Vel eit år seinare vel dei å starte eit nytt liv i New York.  Men kjenner dei kvarandre?  Kva skjedde?  Lever jenta?  Er kvinna i ferd med å misse grepet?  Langsamt vert krimgåta rulla opp.

Dette er ein roman eg kan anbefale for alle som liker krim, og også for dei som i utgangspunktet ikkje gjer det.

fredag 1. juni 2012

Nei, de får ikkje sjå ...

... kleda som eg kjøpte for å bruke til "halvbest" framover. "Dagens outfit" får ein overlate til dei unge bloggarane.  Men de skal få sjå eit glimt, gjennom innpakkingsplasten, av den nydelege pasjonsblomsteren eg skal gi til fødselsdagsbarnet i kveld.  Blomstrane er større og meir raudlege enn den vanlege varianten.

Då vil eg ønskje blogglesarane ei god helg!

torsdag 31. mai 2012

Den gode grunnen og den eigentlege grunnen

Den gode grunnen til at eg tok meg ein bytur i dag, var at eg skulle levere inn eit par bøker på biblioteket.  Der fann eg og ei bok som eg har hatt lyst til å lese frå ho kom ut!

Ein annan, minst like god grunn, var eit bilde eg såg på facebooksida mi frå Røyset sko. Det er mange fødselsdagar og feiringar i næraste framtid.  Eg treng eit nytt antrekk.  Dei som kjenner meg, veit at eg ikkje er spesielt glad i å pynte meg.  Aller helst prøver eg å snike meg unna å gå i kjolar og skjørt.  Men sko ... I morgon får eg skaffe meg resten av antrekket.

onsdag 30. mai 2012

Demonstrasjon

På bildet kan demonstrasjonen sjå liten ut, men det stemmer ikkje.  Berre les her.

tirsdag 29. mai 2012

Gratulerer Amanda!

 I dag kan vi gratulere Amanda med 12-årsdagen!
Her trur eg at eg har funne det første bildet av dei tre jentene i morsslekta.

Vi håper du har ei fin feiring!

mandag 28. mai 2012

Bok 26: Isbaderen

Isbaderen er den åttande krimromanen med etterforskaren  Gunnarstranda. I denne romanen spelar ein ung kollega av han, Lena Stigersand ei viktig rolle i etterforskinga.

Saka dei arbeider med startar med at dei finn ein mann er drukna.  Ei narkoman kvinne vert påkøyrt og drepen av eit tog i ein tunnel.  Det viser seg at sakene heng saman, og at begge er mord.  PST vil legge lik på saka.

Privatlivet til Lena vert også viktig i krimgåta.  Meir vil eg ikkje røpe.  Romanen er spennande frå byrjing til slutt.  Eg må innrømme at eg måtte lytte til den siste CD-en ein gong ekstra, for eg var ikkje sikker på om eg hadde fått med meg alle poenga.

Språket i romanen er presis.  Her ryggar ikkje folk bakover.  Forfattaren nyttar ulike andre uttrykk for akkurat den handlinga.

Eg fann ei liste over alle romanane med Gunnarstranda og Frölich:
* Dødens investeringer utgitt første gang i 1993
* En liten gyllen ring utgitt første gang i 2000
* Mannen i vinduet utgitt første gang i 2001
* Lille Tambur utgitt første gang i 2003
* Den fjerde raneren utgitt første gang i 2005
* Svart engel utgitt første gang i 2007
* Kvinnen i plast utgitt første gang i 2010
* Isbaderen utgitt første gang i 2011



søndag 27. mai 2012

Vedunderleg vaniljekrem

Dei unge mennene og eg har funne eit TV-program som vi ser saman, i opptak sjølvsagt, nemleg 4-stjerners middag.  Dei kosar seg med kommentarane til skodespelaren og dei fortvila utropa til kokken.  Eg prøver i tillegg å plukke opp nokre matlagingstips.

I dag brukte Andrine Flemmen Piano vaniljekrem.  Sjølv synest eg at ferdigkjøpt vaniljekrem og vaniljesaus er heilt OK.  Men det gjorde ikkje kokken!  Det er sååå mykje betre å lage kremen sjølv.  Det er år og dag sidan eg har laga heimelaga vaniljekrem, må eg innrømme.  Eg fann ei oppskrift i Sverre Sætre si kakebok som eg brukte som utgangspunkt.  Eg brukte litt mindre sukker, og eg kunne tenkt meg den endå mindre søt.
2 vaniljestenger (2 ts (?) ekte vaniljesukker om du ikkje har stenger på lur)
(Skrap ut vaniljen, men legg alt i mjølka)
4 dl H-mjølk
1 1/2 dl kremfløyte
1 dl sukker

Kok dette litt i ei panne med tjukk botn. (Ikkje aluminium +metallreiskap)

I ein bolle (eg brukte glaslitermål) har du:
1 dl H-mjølk
4 ms maisenna

Pisk lett saman før du har i:
4 eggeplommer


Hell den kokande mjølka over i bollen med maisenna/mjølk/eggeplommer medan du rører.  Så har du alt tilbake i panna medan det kokar opp.  Kok i eit minutt under omrøring.  Ta ut vaniljestengene og ha kremen i ein bolle.

Eg prøver å produsere minst muleg oppvask når eg lagar mat(åra utan oppvaskmaskin sit vel i), så eg hadde kremen attende i litermålet. Det er lurt å legge plastfolie ned på kremen for å unngå snerk.


I dag serverte eg vaniljekremen til rabarbragraut.  Karane ville ha vanleg krem også.  På spørsmål om vaniljekremen var betre enn Piano, fekk eg til svar: "Mykje betre!"


Rabarbragraut

I dag gjorde eg eit nytt forsøk på å lage rabarbragraut.  Rabarbraen min er svært stor og flott i år, så det gjekk med berre 1 1/2 stilk! Eg tok av det ytterste skalet.  Gjer ein det, vert grauten grøn. Er stilkane små, kan ein bruke dei utan å skrelle dei. I dag vart eg godt nøgd med resultatet.

 Dei som eig ei raudruta kokebok, kan berre ta fram retteblyanten ...

700 g reinsa rabarbra
4 dl vatn

2 dl sukker

2 1/2 ms potetmjøl
litt kaldt vatn

1. Skyl, reins og del rabarbraen i bitar.
2. Kok rabarbraen møyr i vatnet.

Eg ventar som regel med å ha i sukkeret, for etter at du har det i, kokar mat lett over.  Pass på!

3. Ha i sukker.
4. Rør potetmjølet ut i litt kaldt vatn og rør jamninga på i ein tynn stråle.
5. Gi grauten eit raskt oppkok.
6. Hell rabarbragrauten i ei glasskål.  Dryss på 1 ts sukker.

Server med mjølk, fløyte, vaniljesaus, krem og/eller vaniljekrem.

lørdag 26. mai 2012

Årets blomstertur

Ei venninne av meg og eg har i fleire år brukt ein laurdag til å køyre til Nerlandsøya for å handle på Kvalsund gartneri.  Vi er samde om at det er reine vitamininnsprøytinga.  Ingen av mennene våre føler trong til å blande seg inn i potteplantinga.

Eg prøver å velje litt ulike fargar kvar gong.  I år styrte eg unna kvitt, knallraudt og gult.  Fargane eg stod att med då var blått, lilla, ulike rosafargar og oransje.  Hengeplantar kjøpte eg til konfirmasjonen.  Men då eg såg ein plante med rosa blomster og umodne jordbær, fekk den vere med heim.

No har plantane kome i krukker og skvåsjplantane kome i åkeren.  No får ein ønskje seg ein travel vatnejobb!

fredag 25. mai 2012

Folkefest II

Eg har lova blogglesarane nokre fleire bilde frå i går!
 Eg gjekk nedover i 17-tida.  Korpsa spelte då frå scena der det tidlegare låg ein andedam.
 Så marsjerte dei ned mot kaia for å ta imot kronprinsparet med korpsmusikk.  Frøkna er gøymd bak ein annan musikant, om nokon skulle leite.
 Kongeskipet Norge la seg til utanfor moloen.
 Ein sjalupp frakta dei inn til kaia.
 Her kjem dei!

Eg fekk ikkje noko godt bilde av blomsteroverrekkinga. 
 Mette Marit helste på mange av borna på sin veg, mellom anna på ei nabojente.
 Dei gjekk opp til parken.  Der heldt kronprinsen tale før Hareid fekk sleppe til med sine innslag.
 Då dei nærma seg andre gong, let eg fotoapparatet for å sjå dei betre.  Ein kollega fekk handhelse på kronprinsen.  Det såg ut som han valde å helse på flest menn?
Limousinar tok dei med til Brandal. Det var interessant å følgje med alle som stod for sikkerheita.  Alle dei uniformerte politifolka var truleg berre ein del av det heile.

Eg synest det er flott med eit kongeleg besøk.  Mange hadde møtt opp.  Her var både kjende og ukjende fjes, så mange hadde nok kome frå andre bygder rundt her.  At det var varmt og vindstilt, sette ein ekstra spiss på det heile.  Dette var stas!

torsdag 24. mai 2012

Folkefest

Så langt eg har fått med meg, har arrangementet i dag vore særs vellykka!  Kronprinsparet gjorde eit godt inntrykk.  Dei var rolege og tok seg god tid til å helse på folk.  Eg får kome attende med fleire bilde i morgon.

For ordens skuld: Bildet har eg knipsa sjølv.

Royal dag

I dag er ein travel og spesiell dag på Hareid.  Vi ventar kongeleg besøk. Kronprinsen og kronprinsessa kjem med kongeskipet. Frøkna skal spele med korpset. Alle barneskuleelevane skal synge i kor.  Sjølv er eg invitert i kaffislabberas etterpå.  No er bygda rydda og pynta med flagg. Andedammen er tetta att og erstatta med ei scene.
Så i dag vert det berre eit lite mattips.  Søndag heilsteikte eg kalkunfilet, først i gryta og så sette eg gryta i omnen.  I staden for å pakke filetane inn i folie, la eg loket på gryta.  Det fungerte fint.  Eg tok gryta ut då kalkunen var 3-4 grader under ønska temperatur.

onsdag 23. mai 2012

Seier bilda sanninga?


Ein av fordelane med å blogge er at ein dokumenterer det ein styrer med.  I haust var eg på Kaffi-Kari på lanseringa av Smalhans.  Før det stakk eg innom Mestergrønn og kjøpte 100 tulipanløkar.
 Eg meiner at eg sette den rosa-raude blandinga i dette bedet ...
 ... og den raud-gule i dette.

Eg er ikkje heilt sikker på om bilda ikkje lyg litt her?  Det gjer ikkje så mykje, for tulipanane er fine dei.

Utgangspunktet for dette blogginnlegget, var at mor mi meiner at dersom ein plantar raude og gule tulipanar saman, endar dei opp spraglete.  Time will tell!

tirsdag 22. mai 2012

Bok 25: Borte

Dette er den femte boka eg har lese i serien med politimannen Jack Caffery og politidykkaren Flea Marley.

Det startar med at ein biltjuv stel ein bil med eit barn i baksetet.  Vanlegvis får biltjuvar panikk om dette skjer og set frå seg bilen.  Det viser seg snart at denne mannen vel bilar med barn.

Eg må innrømme at sjølve krimhistoria i denne romanen kanskje ikkje er så god som dei førre.  Men boka er spennande frå perm til perm. Slutten er ikkje overraskande, men kanskje uvanleg?

Dette er ei bok for alle som liker litt tøff krim.  Fordi forfattaren heile tida kjem med hint om fortida til politietterforskarane, og at enkelte hendingar byggjer på tidlegare hendingar, vil eg anbefale å lese dei i kronologisk rekkjefølgje.

1. Fuglemannen.
2. Kuren.
3. Ritualer.
4.  Hud.
5. Borte.

mandag 21. mai 2012

Sjokoladedraum

Oppskrifta på denne kaka fann eg i eit KK ein gong rundt 1990, trur eg.  Sjølv har eg laga ho berre ein gong, men ei venninne av meg har laga denne herlege kaka til kvar konfirmasjon.  I år skulle ho vekk, men kom med botn og sjokoladekrem, så ordna eg resten.  Pyntinga er enkel.  Ein treng ikkje ha krem på sidene slik eg tok meg fridomen til å gjere.
Botn 24 cm
4 egg
2 1/2 dl sukker

60 g malne mandlar
2 ms vatn
1 dl potetmjøl
1/2 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver

Pisk eggedosis av egg og sukker.  Ha i vatn og mandlar før du siktar på det tørre.
Steik ved 180 grader i ca.45 minutt. Avkjøl på rist.

Sjokoladekrem
1 egg
1 dl sukker
100 g smør
1 plate kokesjokolade
1/2 dl sterk kaffi

Visp egg og sukker til tjukk eggedosis.  Smelt smør og sjokolade og rør inn kaffien.  Bland sjokoladen og eggedosisen og set i kjøleskåp i 20 minutt.  (Min stod over natta.  Dett gjekk heilt fint.)

Fyll
4 dl kremfløyte
1 ts ekte vaniljesukker

Pisk kremfløyten stiv med vaniljesukkeret.

Legg kaka på eit fat.  Ha på krem, sjokoladekrem og gjerne mandelflak.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...