lørdag 21. mai 2016

Tur til Ørsta

 I dag vakna vi til ein mild og fin dag.  Det var nydeleg å vere ute i hagen og jobbe - med kaffipause.

Eg framskunda middagen slik at eg kunne rekke ein handlerunde i Ørsta.  Eg hadde litt ulike ærend. Her om dagen las eg ein artikkel om rabarbra.  Det finst mange sortar, alle med litt ulike eigenskapar.  Då kom eg på at eg såg rabarbrarøter i sal på Plantasjen i fjor.  No veit eg ikkje kva den rota eg har heiter, men den nye er Victoria.  Så får vi sjå om nokre år.
Plantasjen i Furene er full av freistingar.  Eg bestemte meg for å unne meg ein ny peon i år og.  Denne skal bli lys rosa med fylte blomster.

Eg rakk ikkje å gå så lenge på Amfi, men eg fann meg ei jakke på Femina.  Der var mykje fint.  Ikkje minst såg eg den korte buksa eg kjøpte meg i fjor i ulike fargar.  Der har de meg.  Finn eg ein modell eg liker ...

Foreldra mine venta med vaflar i Starevegen.  det var ei triveleg stund. Vi bruker å utveksle aviser, blad og minnepennar.

No har vore på grava til svigerforeldra mine og pynta fint med isbegonia, margerittar og ein plante til som eg ikkje hugsar namnet på.  Eg høyrer det er feiringa av Dronning Elisabeth II sin 90-årsdag.  Eg reknar med det vert mykje herleg britisk humor!

4 kommentarer:

  1. Eg kunne godt ha tenkt meg ei anna rabarbrarot sjølv, men eg får plukke så mykje rabarbra eg vil hos diverse naboar.Og så treng ein ikkje allverda av den sorten. Det som er at min rabarbra er veldig smaklaus.

    SvarSlett
    Svar
    1. Mi rot er stikling frå di. Kanskje jorda har noko å seie? Eg tenker det kan vere artig med ulike sortar.

      Slett
  2. Du fekk mykje ut av laurdagen !
    Du sette meg på tanken eg skal kjøpe ei peonrot.
    Skal til Volda tysdag så då får eg svippe oppom Plantasjen ein tur.

    Takk for koseleg kommentar om sætrelivet,

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er noko med peonar. Dei er eksklusive og så blomstrar dei når sommaren er på sitt finaste!

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...