tirsdag 17. mai 2016

17.mai 2016

Det har vore dårleg med fotografering med meg i dag. Det skuldast dårleg førebuing.  Mobilen min må ladast omtrent kvar dag.  Då eg skulle til å gå ut døra i dag tidleg, lyste 3% mot meg.  Mobilen måtte bli att heime.

Vi hjelpte til på bedehuset første vakta slik vi har gjort eit par år tidlegare.  Det er greitt, for då veit ein kva som bør gjerast. Etterpå kjøpte vi oss kaffi og kaker før vi gjekk ut og såg på toget.  Noko særleg freistande er det ikkje å vere ute i åtte grader sjølv om det er opphaldsver.

For oss vart det ein pause heime midt på dag. Menyen har vore svært enkel: Pølser med brød - og is til dessert.

I år heldt mannen talen i Brandal.  Mi erfaring med folkefestane er at dei er kjekkast i små bygder.  Brandal innfridde! Folk sluttar opp om festane, og dei deltek med program.  Elevar frå Brandal går på Hareid ungdomsskule, så eg kjenner mange der både elevar, foreldre og ikkje minst besteforeldre som kjem og bakar lefser.

No er det berre å snu hovudet.  Starten på morgondagen har eg planlagt.  Kva eg gjer seinare på dag, kjem an på.  I morgon er det nemleg det vi kallar "opplysning om trekkfag".  Tiandeklassene får vite kva fag dei kjem opp i skriftleg.  Det er 2/3 sjanse for at "eg" kjem opp.  Då vert det fokus på det faget.  Om dei skulle kome opp i matematikk, vert fokuset på munnleg norsk og engelsk fram til munnleg eksamen.

Då vil eg ønskje blogglesarane ei fin veke anten dei skal på jobb eller ikkje!

4 kommentarer:

  1. Vel blåst 17.mai!
    Små bygder kan dugnad og samhold:-)

    Spennande tider for avgangselever og ein del arbeid for både dei og lærarane. Lukke til!
    Vonar dagen vert fin!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det!
      Klassa kom opp i engelsk! Faget flest håpa på.

      Slett
  2. Herlig med helligdager, men hverdagene er de beste i lengden.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er alltid godt å kome attende til kvardagen...

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...