søndag 8. februar 2015

Morsdag

 Då eg stod opp i dag, hadde eg heilt gløymt det var morsdag!  Derfor vart eg verkeleg overraska over gåver og blomster som stod på bordet!
Noko feiring har eg ikkje lagt opp til, men eg laga to eplekaker, slik at eg har ei att til laurdag då alle borna er samla her.  I tillegg ventar vi besøk frå begge slekter.  Det gler vi oss til!

I veka som kjem vert det både foreldremøte, kursdag, musikal på Sjøborg og tiandeklassefest. Kor travel ei lærarveke verkeleg vert, veit ein aldri på førehand.  Det som ligg an til å bli ein roleg dag med fleire gode arbeidstimar der ein kan planlegge og førebu, kan like godt bli ein dag fylt med noko heilt anna.  Det er det som gjer det både interessant og travelt å vere lærar. No ser eg fram mot ei annleis og kjekk veke - så får tida vise ...

3 kommentarer:

  1. Koselig å bli overrasket med gaver og blomster.
    Eplekake er aldri feil. Jeg laget sjokolademuffins
    etter oppskrift fra Franciskas vakre verden. Nydelig
    og mektig kake. I tillegg kom eldste sønn med ostekake
    som er det beste jeg vet av kaker.
    Ønsker deg ei riktig god travel uke :)

    SvarSlett
  2. Gratulere med morsdag!
    Ikkje alle som har det.. og ikkje alle har born som bryr seg om mor si heller..
    så det å verte sett pris på er ei ære!

    Fin ny hektisk veke :-)

    SvarSlett
  3. Ynskjer deg ei fin veke med alle dei gode opplevingane
    du kan ha som lærar.
    Litt vemodig framleis kjenner eg.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...