torsdag 1. januar 2015

Blogging 2015

                                                                                                       Foto: Øystein
Ein septemberdag i 2007 skreiv frøkna og eg vårt første blogginnlegg.  I over sju år har eg hatt stor glede av å blogge, og av å lese andre sine blogginnlegg.  I periodar har eg skrive blogginnlegg så å seie kvar einaste dag.  Både i fjor og i år har eg hatt periodar då eg har følt at eg ikkje har hatt så mykje å skrive om. Valet er ofte om ein skal legge ut bilde av ein blomst eller eit dekka bord, eller skrive om noko heilt kvardagsleg.  Det gjer eg ofte, og det får vere greitt!  På facebook skriv ein på ein felles vegg medan på bloggen går dei som vil inn og les.  Lista vert derfor lågare for meg.

1. januar kvart år har eg gjerne skrive ei lita bloggerklæring.  Legg ein ut ein link til i fjor, er det berre å klikke seg bakover.

Handarbeid

 Handarbeid var det kjekkaste faget eg hadde på skulen.  Siste året på lærarskulen tok eg halvtårseining i forming med vekt på tekstil.  Elles har eg undervist lite i faget. Eg heldt og opp å strikke i nærare 20 år før eg no har tatt fram pinnane att.  Det hender eg må ta meg ei strikkefri veke på grunn av skuldra, men stort sett går det greitt med eit par timar strikking om dagen.  De skal få sjå bilde av mitt nye prosjekt ein dag eg ikkje har noko anna å skrive om!

Mat og helse
Det var ikkje så lett å få lærarjobb då eg starta på lærarskulen i 1983. "Nord-Noreg neste!" var ein typisk kommentar.  Så eg bestemte meg tidleg for å ta heimkunnskap, eit fag det både då og no er få som har utdanning i. Eg tok det i Bergen som mitt femte år i utdanninga. I det siste har det vore lite matblogging.  Eg har halde meg til rettar eg har laga før.  Men eg satsar på å kome sterkt tilbake.

Av og til kan det å høyre kva andre har hatt til middag, vere nok til inspirasjon.  Derfor hender det eg berre fortel om søndagsmenyen.

Sonja og eg
Eg har høyrt at Sonja fotograferer alle bord som vert dekte på slottet.  Eg synest det er kjekt å dekke litt finare bord på søndagane. Det skal ikkje så mykje meir til enn ein strykefri duk og nokre fine serviettar.
Som kjent greier eg nesten ikkje å gå forbi fine serviettar.  Desse har mor mi kjøpt.  Kanskje vi får besøk ein dag det er skeiseis?

Litteratur
Etter at eg begynte å lytte til lydbøker, har eg fått lese mykje meir. Eg trur det var systera mi som begynte å nummerere bøkene ho las.  Den idéen stal eg.  Lista ser slik ut:
2014: 61
2013: 58
2012: 58
2011: 62
2010: 59
2009: 76
Folk har sjølvsagt ulik litteratursmak.  Eg prøver å vere så ærleg eg kan når eg skriv om bøker.  Årets bok skal eg kåre, kanskje i morgon.

Rettskriving

  Det er ikkje lett å vere norsklærar når ein vert motarbeidd av profesjonelle skribentar!  Eg forventar av dei som får ting på trykk skriv rett, eller søkjer hjelp til å gjere det.  Folk flest får skrive så godt dei greier.

Ting og tang
Det hender eg viser fram ting eg kjøper.  Eg liker kjekke oppfinningar eller fornyingar i heimen.

Blomster


Eg liker å styre i hagen når veret er fint.  Då kan det bli nokre bilde av det.  Engletrompeten min blomstra ikkje ute i år, men no har den fått eit føre!

Ut på tur
Eg går gjerne ei fast rute når eg går tur.  Mobilen min har takka for seg etter berre 2 1/2 år.  Eg har kome fram til at eg treng ikkje både smarttelefon og I-pad.  På jobb har eg PC, så der har eg mobilen liggande i lomma.  Det viste seg at mor mi hadde liggande ein mobil som eg fekk overta.  I dag gløymde eg den rett og slett då eg gjekk tur.  Eg må skjerpe meg og lære meg med kameraet i den.  Elva var svært stor i dag, men som sagt har eg ikkje bilde.
Utdrag
 Ein høyrer av og til at bloggarar legg ut "livet sitt" på nett.  Det gjer ein sjølvsagt ikkje.  Som alle andre så legg vel eg ut utdrag av sanninga.  Det er ikkje sikkert ein vil legge ut heile juletreet eller bilde av heile stova, for å ta eit døme. Elles må ein respektere at familiemedlemer og vener ikkje vil vere på bloggen.

Skriveglede
Då eg starta å blogge, oppdaga eg at eg eigentleg skreiv svært lite privat.  Når ein tek ein penn i handa eller tek fram tastaturet, vil ein som regl oppdage at ein har  noko å skrive om!

Då vil eg ønskje alle bloggarar eit godt nytt bloggeår!









7 kommentarer:

  1. Godt nytt år!
    Og godt nytt blogge år!
    Eller heiter det bloggeår? ;-)

    SvarSlett
  2. Trur eg rettar det til bloggeår, uansett eit ord ein ikkje finn i ordlista! Godt nytt år!

    SvarSlett
  3. Godt bloggeår !
    Kjekt å besøkje deg.

    SvarSlett
  4. Godt nytt år! Kjekt å følge bloggen din!
    Mvh. V.

    SvarSlett
  5. Alltid trivelig og interessant å titte innom bloggen din!
    Min har ligget lenge i dvale.
    Jeg ønsker deg og dine et godt nytt år!

    Kari

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...