fredag 2. januar 2015

Blålange - agn eller delikatesse?

 Det har vore ein diskusjon i storfamilen: Er blålange menneskemat?  Om eg har fått eller berre tatt dommarrolla, er uvisst.  I dag var alle fiskeetarane til stades, så dommarpanelet var komplett.

Min teori er at omtrent all fisk kan steikast.  Det har hendt at familiemedlemer har steikt "kokefisk", og at det har smakt overraskande godt.

Steikemetoden er viktig. Eg hadde fått beskjed om å steike fisken i rikeleg med smør.  Fisken skulle og ettersteike på svak temperatur.  Det gjorde eg, og steikepanna vart flytta fram på ei litt mindre plate medan eg begynte med andre steikepanna.

Fisken vart nydeleg! Den minte meir om steikt lyr enn steikt sei.  Her kan eg skyte inn at eg har møtt sunnmøringar som eg har prøvd å overtale til å steike lyr.  Det har dei hatt lita tru på. I Sogn er det ein delikatesse, mykje betre enn sei.  Eg trur det vert laga nokre sanningar, også om fisk, som ein gjerne kan etterprøve!
Vanlegvis raspar eg berre gulrot til steikt fisk.  I dag laga eg råkostsalat av raudkål, eple og gulrot.  I staden for rosiner brukte eg nokre små steinlause druer eg hadde att etter nyttår.

Eg hadde ikkje før laga ferdig råkostsalaten før straumen gjekk.  Her har vore eit skikkeleg torever i dag.  Heile huset rista på det verste.  Heldigvis kom straumen att etter eit par minutt!

3 kommentarer:

  1. Det ser iallfall godt ut !
    Og salaten er frisk og god.
    Her på hytta er det innekos istadenfor skituren i lysløypa som var planlagt.
    Det lynar og torar, men heldigvis er ikkje straumen påverka, enno..

    SvarSlett
  2. No har Tv-sigala dotte ut her, men vi har straum og nett!

    SvarSlett
  3. Vi prøvde å steike brosme, det vart ikkje vellykka. I ettertid fekk vi vite at den må skjerast i tynnare bitar og steikast lenger.Steikt lyr er no heilt safe. Eg synest lyr minner om torsk.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...