torsdag 18. desember 2014

Ha! Ha!

Denne veka har det vorte dårleg med blogging.  Ein får seie grunna høgt tempo og mangel på mobilkamera.  Måndagen gjekk med til jobb og julegåvehandel fram til stengetid saman med frøkna.  Tysdag var det juleverkstad og møte.  På slutten av julemannsteikinga gjekk det nesten rundt for meg.Kan det ha vore ammoniakkgassen? I går gjennomførte vi tidenes juleball, slik vi gjer kvart år. Høgdepunktet for elevbane er kåringane.  I stakk eg og av med ein pris.  Ein får berre le!

7 kommentarer:

  1. Eg stemmer i: hahaha! Gratulerer!

    SvarSlett
  2. Ha! ha! frå Eid og. Gratulerer med prisen!

    SvarSlett
  3. Ein kan vel bli lagt merke til av verre ...

    SvarSlett
  4. Du fekk den vel fordi dei meinte du fortente det....
    Stativet til amaryllisane kjøpte eg på plantasjen til 29 kr. Oppdaga det i fjor og det virka perfekt. Var lei av stilkane som bogna av.

    SvarSlett
    Svar
    1. Smart oppfinning! Då veit eg kvar eg skal leite!

      Slett
  5. Gratulerer med prisen. Ikkje verst å bli berømt for latter!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...