Straumen gjekk i halv åtte-tida og kom att eit par timar seinare.  Nokre kalla det beste sendetid, sjølv er eg ikkje så redd for å gå glipp av laurdagsunderhaldning.  Elles ryktast det at Erna sat mitt i middagen.
Det er vel to år sidan staumen var lenge vekk i jula.  Her kom og for han.  Andre var straumlause i fleire dagar i strekk. Då kom vi fram til at det som lyser best opp, er flytelys i glasskåler. I slike situasjonar er det greitt at det har dotte nokre lyspakkar ned i handlekorga i løpet av året ...
Ja jeg tror ikke det skal bli mørkt i huset hos verken deg eller
SvarSlettmeg selv om strømmen blir borte ei stund.
Har en i tillegg vedfyring så klarer en seg ganske lenge.
Ha en flott 2.søndag i advent :)
Vedfyring og ei panne med kaffivatn på toppen berga situasjonen!
SvarSlett