lørdag 29. mars 2014

Nytt liv av daude gror

 I dag har vi hatt ein nydeleg dag her hos oss. Eg klør i fingrane etter å kome i gang i hagen.  Men eg ventar til veret er triveleg!  Alt det daude må vekk frå beda og opp i kompostbingane.  Litt nytt ugras finn ein og ...
 Ingen kan vel vere meir glad for slike dagar enn kaninane!
Hokaninen har vorte tjukk i vinter, så ho får vere i den store innhegninga.  Dei er rare desse dyra, og dei har kvar sin personlegdom. Hokanina er snill, men liker ikkje gulrot.

Sjølv kjenner eg at eg er moden for påskeferie.  I går for frøkna og eg til Ørsta og feira mor mi.  Det gjer vi gjerne i påska.  Då eg køyrde over brua på Eiksund mimra eg om den påska bilkøen var så lang at vi måtte stå over fleire ferjer.  Det var ein nydeleg skjærtorsdag. No er det ikkje mange vekene att til vi kan reise gratis i tunnelen.

2 kommentarer:

  1. Ja, hugsar køane, særleg etter turar til Bondalseidet.
    Takk for koseleg kommentar, eg skulle ha skrive litt om kor oppfinnsam gåva var, for eg har tenkt det mange gongar. Men gløymde det sjølvsagt. Du kjenner nok ho som fann på det :-)
    God søndag.

    SvarSlett
  2. I ei tid då det meste kan masseproduserast, vert handarbeid sett pris på igjen. Og eg har sagt det fleire gonger: Kari gjer nydeleg arbeid. Det toler å gåast etter i saumane!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...