søndag 30. mars 2014

Kvitneset

 I dag bestemte vi oss for å gå til Brandal og vidare til Kvitneset.  Det tek ganske nøyaktig ein time frå venninna mi, fem minutt ekstra frå oss. Eg har vist bilde derifrå på bloggen tidlegare. De får sjå på dette som ein stemningsrapport ein fin marsdag 2014.

Skal tru kor mange dette treet hyser?

 På Kvitneset finn ein spor etter andre verdskrig.  Tyskarane plassserte seg strategisk her for å ha best mogleg oversyn over båttrafikken.
 Ein kan køyre nesten heilt ut. Skiltet er visst brukt som blink ...
 Det var både skip og seglbåtar på fjorden i dag, men dei er ikkje så lett å få auge på.



 Og så må ein løfte blikket litt!
I dag møtte vi mange, alt frå barnefamiliar til eldre folk.  Alle vil ut i sola!  Det er vår!

4 kommentarer:

  1. Nydeleg Solveig!
    Har vore litt "bloggfjern" dei siste dagane av ulike grunnar..
    Oppdaga at eg hadde same overskrift på mitt innlegg no i kveld som du hadde i går.. Sånn kan det gå ;-)
    Men det var det som datt ned i hovudet mitt då eg fekk bilete over på bloggen. Så har ikkje stjelt frå deg :-)

    Ha fin veke Solveig!

    SvarSlett
  2. Takk for det!
    Vi har vel sunge same songen i skuletida og fått same assosiasjonane.

    SvarSlett
  3. Ein gong det høver, kan ungane og eg få bli med på guida tur?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...