søndag 2. mars 2014

Søndag 2. mars

 I dag har eg jobba ein halv arbeidsdag for å vere i førekant av ei travel veke med to ettermiddagar med kontaktmøte.  I tillegg har eg hatt eit par timar med frivilleg abeid.  Begge arbeidsøktene var i gunnen kjekke!
Etter ein sein frukost gjekk eg ein tur rundt vatnet.  I dag var det vårteikn å sjå! 
Det er vel ikkje lenge før eg kan plukke inn blomster frå hagen! I går rydda eg i alle fall serviettsamlinga mi inn i eine hylla i skåpet.  Utvalet er ikkje lite, for å seie det pent.

3 kommentarer:

  1. Av og til må ein jobbe seg litt frampå..
    Eller viss ein er bakpå må ein også jobbe..

    Masse vårteikn og fuglane syng!

    Fin mars til deg @-}--

    SvarSlett
  2. Eg er så overraska over hestehoven. Er det muleg ?
    Ha ei fin veke sjølv om den er travel !

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...