søndag 22. desember 2013

4. søndag i advent

Tradisjonen tru har juletreet vorte henta i dag. Frøkna var med faren i regnver.  Ofte har eg bakt krumkaker medan dei er på tur.  I år har er strull i boks, så eg gjekk meg ein tur i staden.  Sjølv ein motstandar av søndagsopne butikkar må bite i det sure eplet når ho ikkje har kaffifilter. Det er ikkje likt meg å mangle noko, men no har vi fått "ny" butikk der  ein godt kan unngå å gå forbi kaffifiltera, spesielt når ein kjøper kaffibønner på andre butikkar. Før var der andre ting tvers over kaffihylla som ein måtte ha.

På bildet kan det sjå ut som veret ikkje var så verst. Dei må ha vore der dei 10 minutta det ikkje regna ... No har eg kome heim frå gåtur nummer to i dag.  Det er stjerneklart og fint - så lenge det varer.

I morgon skal juletreet pyntast. Eg ser mange pyntar tre tidleg i adventstida.  I min barndom vart treet pynta julaftan, og jula kunne starte når far min (og seinare eg og) kom heim frå jobb.
Kakao, småkaker og mandarinar er og ein del av tradisjonen.

4 kommentarer:

  1. Siste åra har vi ikkje hatt anna juletre enn det vesle plasttreet på bordet. Heilt greitt for meg. Trur eg gav bort pynten i fjor. Får no sjå mange juletre likevel -og så fekk eg aldri til å pynte treet slik at eg tykte det vart fint.

    SvarSlett
  2. Vi pyntar treet veslejulaftan, slik barnefaren var van med. Heilt ok det, for vi har nok på programmet sjølve julaftan. Min regel er at alt skal vere unnagjort i forkant, slik at ein berre skal supplere med litt meir mat og drikke på veslejulaftan eller julaftan. Det kan òg bli behov for støvsuging og litt "kattavask" av golv etter at treet er kome inn, men storvasken er unnagjort. Ein skal ha nokre krefter att for å kunne kose seg skikkeleg i jula.

    SvarSlett
  3. Treet skal pyntast på veslejulaftan :-)
    Tradisjon frå barndomsheimen min som vi har vidareført.
    Treet er kome i stova, men kun ein liten engel er kome på ei grein.

    God Jul!

    SvarSlett
  4. Det kan no vere grunnar til at ein vil pynte det før. Ein kan få gjester eller arbeide skift. Men vi kjem til å halde på lisjejulaftan.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...