torsdag 28. november 2013

Juleroser

Til helga har eg planar om å pynte litt til advent, mellom anna med raude julestjerner og sviblar.  Ute er eg litt sløv om vinteren på same måte som eg er sløv inne om sommaren.  Men eg fall for desse juerosene då dei var på coopkupp.  Eg trudde dei kunne plantast ut og kome att?  På Frukost-Tv vart det sagt at dei tolte nokre minusgrader, men ikkje for mange.  Nokre vil ha dei inne.  Eg trudde det var ein uteplante. Eg gjer i alle fall eit forsøk på å ha dei til pynt ute.

1 kommentar:

  1. Har lese på FB at Marie Lovise har juleroser i hagen sin no. Då fekk eg lyst på også. Så no kjem eg til å kjøpe om eg kjem frampå slike.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...