lørdag 30. november 2013

Inspirasjon

I dag skulle eg levere eit par bøker på biblioteket og sjå etter nye lydbøker.  Eg fann ingen som freista.  Men så fann eg desse bøkene i hylla med nye bøker.  Eg har nok kokebøker, men det kan no vere kjekt å bla i ei bok no før jul.  Ein kan risikere å få inspirasjon til å lage både det eine og det andre!

At den andre boka skal inspirere, får ein håpe på.  Det er ei moderne, lettfatteleg reingjeringsbok.  Der er mange tips for enkel reingjering.  Det er mopp og mikroiber som gjeld.  Gamle metodar er og tatt med. Før heldt vi på med t.d. flekkfjerning på skulekjøkenet.  No er den delen ute av pensum. Kanskje ungdomar treng ei slik bok! Når eg får kjøpt ei flaske salmiakk, skal eg prøve ut oppskrifta på komfyrrens.  I dag vaska eg ventilatoren.  Ristene fekk oppvaskmaskina ta seg av.  Plastdelane vaska eg for hand.

Elles ser eg at ein vaskar leiker i vaskemaskin.  Eg brukte å putte duplo i badekaret og vaska dei der med ujamne mellomrom.  Viss ungane leika med dei medan dei åt eller leikene ar synleg skitne, putta eg dei i oppvaskmaskina. Det høyrer med til historia at vi har nokre kasser med Duplo.

Elles har vi fått oppjulegardiner i dag.  så no er vi klare til advent!

2 kommentarer:

  1. Eg er på jakt etter eit moppeskaft som eg kan træ moppen inn på. Har eitt, men det står i kjellarlegheita. MÅ ha det når eg skal vaske tak. Trudde eg skulle finne på JULA, men der er berre slike med borrelås, og det er ikkje fast nok. Greitt på golv, men ikkje tak og vegger. Las ein plass at noko av det mest effektive fettløysingsmiddel er salmiakk+ Zalo. I do skal ein bruke cola.

    SvarSlett
  2. Salmiakk kan visst brukast til mangt. Får skaffe meg ei flaske. Cola i do har eg ikkje høyrt om. Profesjonelle har slike skaft som du nemner. Eg skal vere på utkik.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...