tirsdag 26. november 2013

Genser i Puno

I helga strikka eg ferdig genseren i Puno.  Den var enkel å montere. Raglanfelling er kjekt å strikke, for det vert lite montering.  Pent vert det og, synest eg.  Oppskriftsheftet finn de her.  Garnet er ikkje tvinna, så det var litt vanskeleg å strikke jamnt.  Sidan ho har gått med genseren rett på kroppen , kan det ikkje klø.
No skal eg ikkje kjøpe meg noko nytt strikketøy før denne genseren er ferdig.  Eg skal sy og klippe vekk det som ligg under halskragen.  Først skal eg feste trådar.
DIY-prosjektet til frøkna er og i gang.

6 kommentarer:

  1. Den vart utrulig flott! Også må "blonde" meg spørje kva eit DIY prosjekt er.....

    SvarSlett
    Svar
    1. Vi er ferdige med LOL og YOLO (?) no heiter det DIY . Do It Yourself som Strikkemor(o) skriv.

      Slett
  2. Den vart utrulig flott! Også må "blonde" meg spørje kva eit DIY prosjekt er.....

    SvarSlett
  3. Høyrde nyss på TV at ei STOR strikkebølge er på gang. Eg får ikkje strikka så mykje som eg skulle ønske, når eg er så dårlig i ryggen. Godt at yngre generasjonar tek over.Olaug er blitt veldig flink. Ja, du har no alltid vore flink.

    SvarSlett
  4. DIT står vel for Do It Yourself, noko som er veldig aktuelt for tida! Kjekt at ungdom og unge vaksne strikkar igjen! Eg har litt same problema som Besta, men litt strikking blir det no.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...