torsdag 31. oktober 2013

Eg vil til Bergen!

Fofattaren får ulike oppdrag.  Mi oppgåve har vore å passe hus og heim når han reiser vekk.  No har vi unge menn heime som passar hus, så det er lettare for meg å hive meg med.

For 27 år sidan gjekk eg på heimkunnskap på lærarskulen  i Bergen.  Kanskje det var det beste året i livet mitt, har eg tenkt i ettertid. Eg gjekk gravid med eldstemann det året.  Sidan det har eg ikkje vore der.  Er det rart at eg har lyst attende?  I morgon ettermiddag tek vi fly frå Vigra.

Om nokon blogglesarar er i Bergen og har lyst å kome på Litteraturhuset, så hadde det vore kjekt!  Les om arragementet her.

2 kommentarer:

  1. Visste ikkje at det var SÅ lenge sidan du hadde vore i Bergen. Ønsker deg god tur!

    SvarSlett
  2. Eg kon på i dag at eg faktisk har vorei Bergen eit par gongaer på kurs, men det var berre ved flyplassen ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...