tirsdag 1. oktober 2013

Bok 47: Disse øyeblikk

På 80-talet las eg trilogien om Tora.  Den gjorde eit varig inntrykk.  Wassmo braut nokre tabu då ho skreiv om incest. Seinare kom bøkene om Dina.  I "Et glass melk takk" tok ho opp eit trafficing-offer si historie.

Vi har tenkt at Wassmo har tatt noko frå sitt eige liv. I "Disse øyeblikk" innrømmer ho å ha gjort det. Ho seier ikkje rett ut at faren har misbrukt henne.  Men vi forstår det.  Barnet ho får i ung alder, er "elektrikaren" faren til.  Romanen er skriven i tredje-person.  Ingen har namn.  Det er mannen, jenta og gutten.

Det er vanskeleg å forklare kvifor eg likte så godt denne romanen. Kanskje det er språket?  Kanskje det er forteljinga som er så allminneleg kanskje, om enn noko trist i botnen?  Gjertrud Jynge les nydeleg.  Dialekten og stemma hennar passar så godt til teksten.

Eg har ergra meg over mennene i boka - og ikkje minst kvinnene som finn seg i åtferda deira.  Likevel handlar kvinnene forståeleg.  Det store oppgjeret ein forventar mellom mor og datter kjem ikkje, i alle fall ikkje så sterkt som ein kunne forvente.  I det heile er det ein roman med understatement. Men kjenslene vert så flott skildra.  Det er ein logikk i det heile, om enn ikkje etter min eigen målestokk.

Wassmo har vunne mange prisar.  Eg anbefaler alle å lese bøkene hennar.  Start med bøkene om Tora!  Så kan du lese denne.

P.S.
Eg ser ikkje vekk ifrå at denne kjem høgt når eg skal kåre årets roman.

4 kommentarer:

  1. Du er meir positiv til boka enn eg var. Men eg har vanskar med å sette ord på kva eg ikkje likar. Det er noko med "tonen" som skurrar i mine øyre. Det er kanskje ikkje boka heller, men personane i boka, medrekna forfattaren sjølv.

    SvarSlett
  2. Den Wassmoboka eg har likt best er "Et glass melk, takk."

    SvarSlett
  3. Eg synest det var noko poetisk over boka. Hovudpersonen ber nok preg av å vere skadeskoten. Til tider er ho kanskje noko utydeleg eller viljelaus. Men så skal ho vel forklare kvifor ho handla som ho gjorde.
    Eg synest romanen er velskriven. Ikkje mange meistrar å skrive så godt.

    SvarSlett
  4. Eg synest det blei vel "litterært" til å vere ein sjølvbiografi. Dessutan likar eg ikkje at folk utleverer seg sjølv og andre. Men det kan vere den nordnorske dialekten som gjer det så sytete.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...