onsdag 5. juni 2013

Kvardagsgleder

 I dag bestemte eg meg for å lage ein gryterett til heile familien.  Folk fekk mat etter kvart som dei dukka opp.  Det skal ikkje så mykje til på ein kvardag, stetteglas, serviettar og blomster frå hagen. Ballblomane er på det finaste no.  Eg har dei i to fargenyansar.
I morgon skal frøkna opp i tysk munnleg - på sjølvaste sekstenårsdagen.

6 kommentarer:

  1. Nydelige ballblomar. Våre er litt mindre komne og vi har berre dei lysaste. Hint!
    Sette pengar på kontoen til frøkna,til bursdagspresang.

    SvarSlett
  2. Det er forresten du som har kjøpt dei mørke ein gong - til henne.

    SvarSlett
  3. Det var det eg syntest å hugse-men det kunne no ha vore ein annan plante.

    SvarSlett
  4. Her i garden kallar me desse for " Eggeblome "

    SvarSlett
  5. Det namnet har eg og høyrt. Kjært barn har mange namn.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...