torsdag 6. juni 2013

Gratulieren!

I dag kan vi gratulere Olaug med 16-årsdagen og godt gjennomført tyskeksamen! Vi har feira henne med pizza og pavlova.  Det tradisjonelle bildet framfor rhododendronen har vi ikkje tatt i dag.  Veret har ikkje vore freistande.
Olaug vart fødd på svenske flaggans dag.  Det var bra vi pynta i går, for i dag sit eg stort sett i ro.  På speidarplassen framme ved Nessetelva der åttande var på tur i dag, skulle eg lære elevane "Slå på ringen".  Men eg er visst for gamal til å leike med ungdomen, for i det eg sette opp farten for å kome først rundt, glei eg  og slo meg. "Kor det går? Har du brote lårhalsen?" kjem det frå vittigperen i klassa.  Eg sykla ned att, men kjenner at eg er noko møyrbanka i venstre hofta.  At leiken heldt fram ei god stund, sikkert fordi der er eit flørteelement i han, får vere ei trøyst.



6 kommentarer:

  1. Uff, leitt at du slo deg. Eg tvila på at det er alderen, det er vel heller at du slær på ringen for sjeldan..
    Nydeleg bilde både av den glade jenta og blomstrane.
    God betring !

    SvarSlett
  2. Takk for det!
    Ein bør vel aldri bli for gamal til å leike!
    Det går heilt sikkert bra. Hade det vore alvorleg, kunne eg ikkje ha sykla heim.

    SvarSlett
  3. Eg datt ned utetrappa då eg skulle gå tur i kveld. Der var eit trinn meir enn eg berekna. Hamna på kne i singelen, så det var ikkje dramatisk.
    Artig med Slå på ringen, lenge sidan eg har sett nokon som leika det no. I min barndom leika vi utrulig mange songleikar.

    SvarSlett
  4. Gratulere med den flotte 16-åringen og god betring til deg!

    SvarSlett
  5. Hahaha :)Her måtte eg berre le! Er det slik dei ser på oss?
    Gratulerer med overstått dag til både Olaug og mora!
    Håper "lårhalsen" di legar seg fort!

    SvarSlett
  6. Takk for det!
    Eg merkar betring berre etter ein dag, og så har eg oppdaga at armen og fekk seg ein liten knekk, heldigvis ikkje bokstavleg.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...