mandag 29. april 2013

Bok 18: De sørgende

I fjor sommar las eg dei fire første bøkene I Barbarottikvartetten.  Etter mitt syn er dette kvalitetskrim.

Gunnar Barbarotti var ein lykkeleg mann med kone, mine og dine born då ein anaurisme igjen råkar kona.  I "De sørgende" møter vi Barbarotti i djup sorg.  På kontoret gir dei han ei sak å jobbe med som dei eigentleg er ferdige med. Det er viktig for han å bli sysselsett.

Ein mann forsvinn.  Det viser seg at sambuaren hans tidlegare er dømd for eit grusomt mord der ho parterte liket.  Så politiet meiner det er ei opplagd sak.  Det er det sjølvsagt ikkje.  Men hendingar i fortid og notid heng sjølvsagt saman.

Nesser skriv glitrande.  Språket er frodig og svært godt.  Eg set pris på dei betraktningane han kjem med.  Menneska er godt skildra. Det bur mange lag i dei.

Til sist sit ein att med ein del moralske spørsmål som det ikkje er fasitsvar på.  Men oppklaringa er logisk og god.

Eg ser nokon seier at dette kanskje er den siste boka.  Her legg eg inn protest!  Eg fann minst eitt frampeik: Gunnar Barbarotti skal finne far sin.

7 kommentarer:

  1. Det begynte som ein kvartett, så blei det ein kvintett-men så godt liktsom desse bøkene er er det vel vanskelig å slutte. Gunnar Barbarotti ein mann ein blir glad i-synd han ikkje finst i den virkelige verda.Eg elskar filosoferingane hans!

    SvarSlett
  2. Jeg har ikke lest noe av Nesser og leser veldig lite krim. Akkurat nå leser jeg en krim av Unni Lindell og den er veldig god synes jeg. Kanskje jeg skal prøve meg på en av Nesser.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg trur ikkje du vert skuffa! Han er av dei beste, synest eg,

      Slett
  3. Eg håpar òg der kjem ei sjette bok, med handling frå Italia.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg meiner der var frampeik om det, ja!

      Slett
  4. Nesser har vore ein av mine favorittar i mange, mange år, og eg har lese det meste av det han har skrive. Det eg likar med han, er at han SER forbrytarane, og skildrar dei slik at ein får ein viss sympati for dei. Dei er også menneske.Håper han kjem med fleire Barbarottibøker.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...