onsdag 21. november 2012

Spagettigodbit


Av og til kjem ein litt skeivt ut på skulekjøkenet.  Det går ut dagar, og så er det greitt med tanke på innkjøp at ein lagar det same ei veke i strekk.  I dag vart ein slik ekstra dag.  Bi bakte aniskringler til kantina, ein elev fekk lage muffins og til middag vart det ein gammal skulekjøkenrett: Spagettigodbit. Retten passar godt som resterett.  Det er ikkje alltid så godt å vite kva ein skal bruke kokt pasta til. 

Retten fall i smak hos niandeklassingane.


Spagettigodbit

100 g pasta t.d. penne

1 ms olje
200 g kjøtdeig
1 middels stor løk
1 båt kvitløk
1 ms tomatpuré
½ ts salt
½ ms frisk eller ½ ts tørka oregano
1 dl vatn til å koke ut steikepanna med

1 dl mjølk
1 dl crème fraîche
75 g riven ost

  1. Set steikeomnen på 200 g og smør ei eldfast form.
  2. Kok spagetti etter oppskrift på pakken. Hell av vatnet og ha han i forma.
  3. Steik kjøtdeig og hakka løk i olje.
  4. Tilset kvitløk, tomatpuré, salt og krydder.
  5. Legg tomatsausen over spagettien. Kok ut steikepanna med 1 dl vatn og hell over.
  6. Bland saman mjølk, crème fraîche og ost og legg dette på toppen.
  7. Steik retten i ca 30 minutt.

Server med brød og salat.

2 kommentarer:

  1. nammis- dette såg så godt ut og må prøves ;)

    eg var vikar i mat og helse for 9 klasse i dag, skulle lage fiskekaker - men med ymse resultat av frossen fisk og gjammen vart fiskekakene ROSA - da det skulle være paprika i ...

    jaja sier no eg - ikkje rart ungdommen spiser fisk
    smil - monika

    SvarSlett
  2. Ja, ja ... Når ein er vikar, får ein berre lyde. Mi erfaring er at ungdommane heller vil ha rein fisk, og aller helst rosa.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...