torsdag 8. november 2012

Ny oppvaskmaskin - kva bør ein tenke på?

 Då eg kjøpte den førre oppvaskmaskina mi, tenkte eg berre pris.  Det var berre eit par månader sidan eg hadde kjøpt meg ny vaskemaskin og tørketrommel, begge store og relativt dyre modellar.  Kva skulle eg med ei dyr oppvaskmaskin? tenkte eg då.  Den eg hadde før, brukte eg berre på eitt program.

Då eg oppdaga at den nye maskina brukte 2 1/2 time på det eine programmet, følte eg at eg hadde kjøpt katta i sekken.  Så då ho slutta å fungere etter seks år, var eg ikkje ivrig etter å spandere ein reparasjon til kanskje ein tredel av prisen.  Maskina er heilt sikkert godt brukt.  Vi har vore både fem og seks i familien, og vi lagar relativt mykje mat.
 Ein kan få rimelege oppvaskmaskiner.  Då må ein vere budd på at dei sjølvsagt vaskar like reint, men det tek tid, og så bråkar dei mykje meir.

Mi nye maskin har eit automatisk program som startar på 2.45 som de ser, men det er viss tinga inni er svært skitne.  1 1/2 time brukte den då eg sjekka.  Men ein får lett eit yndlingsprogram.  Mitt er det med 70 grader og hurtigknapp.  Hurtigprogrammet vaskar minst like reint, men bruker litt meir straum.  Maskina har i alle fall godt av at ein bruker høg vasketemperatur innimellom, akkurat som ein bør bruke vaskemaskina på kokvask for å halde henne rein og luktfri.
På førehand hadde eg og vurdert om eg ville ha eiga bestikkskuffe.  Det har eg vore skeptisk til før.  Eg har meint at det har vore tungvint.  Men er det det?  Mannen i huset fekk og seie si meining før eg slo til med denne modellen.  På butikken fekk eg anbefalt det, ikkje minst fordi bestikkorga tek litt plass.

Etter at maskina har vore i bruk ei veke, er eg svært godt nøgd med henne.  Vi set denne på sjeldnare enn den andre.  Der er faktisk plass til "eit måltid" til.  Og så slepp vi å sette henne på i halv ni-tida om kvelden.  Ein kan ete sein kveldsmat og likevel rekke ein vask.  Dette gjer at vi fyller betre opp i maskina, trur eg.  Bestikkskuffa liker alle.  No fyller vi opp med knivar framme og gaflar bak.  Det er raskt og reinsleg å ta bestikket ut, synest vi.  Elles så slår ho seg av sjølv.  Og lydnivået er noko heilt anna enn vi er vane med!

8 kommentarer:

  1. Gratulerer!
    Eg tror eg må snart ha meg ein ny også.Din er ganske bra!

    SvarSlett
  2. Gratulerer med ny oppvaskmaskin.
    Eg har Bosch både på hytta og heime. Ikkje av dei dyraste, men utruleg stillegåande og enkle å ha med å gjere.
    Hadde Miele med bestikkskuffe tidlegare og likte det godt, men då eg kjøpte sist hadde ikkje Bosch slik skuffe. Og Miele var grusomt dyr.

    SvarSlett
  3. Det er stor skilnad på pris, ja. På denne kan eg og variere mellom tre stille på den øvste korga med eit enkelt grep.

    SvarSlett
  4. Hurtigprogram er supert både på oppvask- og klesvaskemaskin.

    SvarSlett
  5. Det var nyttig informasjon. Vi har Bosch i integrert modell, men den byrjar synge på siste verset.

    Eg måtte ha service på den, for det var ørsmå gruskorn på glas og servise etter vask. Då rensa eg og servicemannen ut vasstilføringsrøra, og dei var utruleg skitne! Det var ein kjempejobb, men det gjorde underverk med vaskeresultatet. Det er vel eit år sidan, og til påske fyller maskinen tretten år. Så eg er budd på å måtte bytte om ikkje så lenge. Så eg legg meg dine tips på minnet. Her i huset går den også jamnt og trutt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg fekk reina den førre maskina mi ein gong. Det var rør inni maskina. Då vart eg åtvara mot å bruke for lav temperatur, for då gror det lettare.

      Slett
  6. Har hatt ei Miele oppv.maskin med bestikkskuff i 14 år no. Er veldig fornøgd med bestikkskuffen, og vil aldri gå over til korg....maskinen har gått jamt og trutt desse åra, uten trøbbel, me er 4 i familien. J

    SvarSlett
  7. Eg er i alle fall godt nøgd med denne til no. Ho rømer meir enn den førre, og det er økonomisk.

    Dessverre lærer ein ofte av feila ein gjer ...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...