fredag 9. november 2012

Mitt bidrag

Kvar morgon vaknar eg til nyheitene. I går fekk vi vite at vi må ete meir økologisk mat.  Målsettinga er ikkje nådd.

På butikken der eg handlar ligg bananane ved sida av kvarandre.  Det er lett å plukke med seg økologiske til same pris.  Sjølv er eg ein endå større tilhengar av fairtrademerkinga.  Då utnyttar ein ikkje bønder i fattige land i like stor grad som dersom ein kjøper vanlege varer.  Rabba, eller kålrota om du vil, må ein finne i ei anna hylle.  Då er det lett å gløyme at den finst.  Heldigvis er der så mykje anna godt i den økologiske hylla at eg vert stadig flinkare å kjøpe økologiske varer.

Denne helga vert svært sosial for oss, og det sjølv om vi skal feire farsdag i Ørsta neste helg!

Eg ønskjer blogglesarane ei god helg!
Vel gjerne økologisk!

3 kommentarer:

  1. Når far din spør meg kva som er økologisk, seier eg at det er berre å sjå på kva frukt/grønsaker etc. som er flekkete og halvrote-det stemmer som regel. På Coop er det no same pris på økologisk som anna, men det fristar sjeldan.

    SvarSlett
  2. Eg synest der har kome mykje bra. Sitronar og appelsinar kan ein trygt bruke skalet av, og rabba er inbnpakka. Bananane er små, noko som kan vere ein fordel.

    SvarSlett
  3. Jeg prøver å kjøpe mest mulig økologisk selv også. Spesielt melkeprodukter og egg synes jeg er viktige varer å kjøpe økologisk, fordi økologi ikke bare handler om miljø, men også forholdene dyrene lever under :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...