mandag 26. november 2012

Jakke i Sandnes kashmir alpakka

 Det er eit par veker sidan eg tok i bruk jakka.  Eg har blitt svært glad i henne.  På skulekjøkenet heng eg henne frå meg, og elles er den god og varm.  Halvlange ermar passar godt til oss som liker å brette opp ermane!
Jakka er strikka på pinnar 5,5.  Sjølve strikkinga gjekk raskt. Ein strikkar fram og tilbake.  Likevel vert det ein del monteringsarbeid.  Neste prosjekt skal ha raglan- eller rundfelling. Garnet er dyrt og ikkje særleg drygt.  Med pinnar og knappar kom prosjektet opp i eit firesifra beløp.  Men så har ein også eit plagg med høg kvalitet - meiner no eg.


4 kommentarer:

  1. Gratulerer med den flotte jakka.
    Ermlengda er praktisk, det kunne eg òg ha tenkt meg.
    Det var vel litt dagen derpå i skulen idag tenkjer eg ?

    SvarSlett
  2. I praktiske fag vert elevar heller meir aktive når dei er slitne ... Men kjekk dag på jobb!

    SvarSlett
  3. Jakka er fin, og klede som blir brukt er verdt sin pris!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...