fredag 30. november 2012

Hjartebrød

 For ikkje så lenge sidan datt det ei ny brødbakebok ned i handlekorga mi (på ark.no - kokebøker til halv pris).  Vanlegvis bakar eg brød utan oppskrift.  Eg hat mål på væske, salt og gjær, og så puttar eg ulike mjølsortar i.  Innimellom kan det vere greitt å bake etter oppskrift.  Då vert det meir variasjon.
Oppskriftene i denne boka ligg på nett på brodogkorn.no.  Hjartebrødet  finn de oppskrift på her.  Alle brøda er merka med brødskala'n. Om ein liker dei på facebook, får ein gode baketips.
Deigen til brødet var god å jobbe med, sikkert mykje takka vere smøret som ein har i til slutt - utan å smelte.  Elles vil eg seie at brødet vart rikeleg stort.  Det kan godt hende at eg bakar det fleire gonger.  Det er fint med slike dekorative brød til brødmåltida i jula til dømes.

P.S.
Om noko lurer på kvifor eg skriv hjarte og ikkje hjerte som eg har gjort tidlegare, så skuldast det den nye nynorsknormalen.

5 kommentarer:

  1. Brødet ser nydeleg godt ut.
    Ja, eg la merke til at du skriv hjarte. Eg syns det er dumt med alle desse endringane. Ein risikerer å skrive feil stadig vekk, og det likar eg ikkje. Må vel få tak i ny ordbok..
    God adventshelg !

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg bruker berre ordboka på nett. Om ein legg den som favoritt, er det mykje raskare å slå opp enn å bruke papirutgåva. Der ligg ein ling på nyttige nettstader til høgre på bloggen min.

      Slett
  2. Så hyggelig at du liker boken vår, Solveig:) Det er nok som du skriver at tilsettingen av smør gjør deigen god til å forme små og store hjerter, brøddyr eller hva man måtte ønske:) Hvis du eller leserne dine ønsker å bruke kreativiteten også på kaker er dere velkommen til å delta i vår julekonkurranse NYE JULEKAER med innleveringsfrist 16.12 http://www.brodogkorn.no/jul/nye-julekaker/ Lykke til med julebaksten!

    SvarSlett
  3. No sjekka eg ordlista, og det er faktisk slik at ein no må skrive hjarte. Eg har budd i Nynorskland heile mitt liv, og har enno til gode å høyre nokon seie det. Eg kjem no til å melde meg ut av Noregs Mållag! I protest mot den "nye" rettskrivinga, som faktisk gjer språket meir antikvarisk.
    Når dei kjem med nye former, og kallar seg "Norges Mållag" skal eg melde meg inn att. Eventuelt.Når eg som er nærmare 73 år finn språket gammaldags må noko vere gale.

    SvarSlett
    Svar
    1. Trur du eg driv med vranglære? Nynorsken skal vere tufta på dialektane, og dei går ikkje i retning hjarte!

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...