søndag 11. november 2012

Fars dag

I dag har vi tatt det litt roleg etter ei sosial helg. Journalisten er vekkreist, så det vart berre oss fire til middag i dag. Tidlegare i veka såg eg at folk fulte handlekorgene sine med svineribbe.  Til 29 kroner kiloen vert det ein rimeleg middag.  Her vil dei ha brun saus til, og det får dei.  Til "dessert" vart det kaffi og sjokolade.

Min eigen far skal vi feire neste helg, sidan han og har fødselsdag ut i veka.
Elles har eg hatt meg ein halv arbeidsdag (minst) med førebuing og retting.

Elles så anbefalar eg alle å ta seg ein tur inn på amo sin blogg der ein kan vinne julepynt frå Waage i Ulsteinvik.

3 kommentarer:

  1. Godt med slike dagar der det er lov med litt ekstra kos!

    Du skriv at søndagen har vore roleg og det er godt..
    Men når du må bruke så mykje av dagen til jobben er ikkje det så roleg lell..

    Fin veke utpå H-landet ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det! Alt er vel relativt:-)
      Hei fin veke !

      Slett
  2. Ja, dissa søndagane med retting og førebuing kjenner eg godt att frå læratida mi.
    Eg nytta sjangsen til å kjøpe billeg familieribbe og laga syltaflesk og danskrull (ein spesialitet i heimen ;)

    Takk for at du tek del i "giborten" min. Vonar du har vinnarlukke :)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...