lørdag 10. november 2012

Bok 54: I havet er det krokodiller

Eg fann denne romanen saman med vaksenbøkene på biblioteket, og eg hugsa at andre i familien hadde lese han.  Besta meinte den ville høve for yngre lesarar.  No ser eg at den vert kalla ungdomsroman enkelte stader.

 Til skulen bestiller vi kvart år materiell frå tXt-aksjonen som Foreningen 1les står bak.  I 8B driv vi no og lyttar til nokre av desse tekstane.  Dei er i ulike sjangrar.

I havet er det krokodiller er ei sann historie om den afganske guten Enaiatollah Akbari som må flykte frå heimlandet for å berge livet då han er omtrent ti år gamal.  Det er ei lang reise han legg ut på.

Eg likte denne forteljinga svært godt.  No vurderer eg å lese/lytte til heile romanen i 8B.  Det at ei historie er sann, trur eg kan gjere sterkare inntrykk på unge lesarar!

2 kommentarer:

  1. Det har du nok rett i. Viktig at ungdommen får inn litt fakta om livet også. Finst så mykje fiksjon ellers rundt om...
    God helg vidare :-)

    SvarSlett
  2. Kjekt at du likte den! Lukke til med lesinga i klassen.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...