søndag 4. november 2012

Å kjøpe brød

Kvar vår lærer vi niandeklassingane å bake grovbrød.  De kan lese meir om det her desom de er interesserte.

Eit delmål for opplegget er å lære folk å kjøpe sunne brød. Det er vel dei færraste som bakar alle brød sjølve. Då vi starta med dette opplegget, var verken brødskalaen eller nøkkelholet oppfunne.  Det er eg glad for har kome, for det var mykje juks ute og gjekk for å få brød til å sjå grove ut.

Dei siste åra har eg snakka mot alle desse barnebrøda.  Det er opplese og vedteke at born ikkje liker frø.  Det gjeld nok mange.  Sist eg sjekka fanst det ikkje eitt brød for barn som var 50% grovt.  Eg vart derfor glad då månadens brød hos Prix, Løvebrøl, er 50% grovt.  Kanskje det er nøkkelholmerkinga som har gjort utslag.  For å få dette merket, skal brødet heller ikkje vere for salt. At det inneheld knuste solsikkefrø og havregryn er også eit pluss!

Om det kan bli bedre?  Ja, ein grovprosent på 70-80 på eit brød som har born som målgruppe?
Då ungane var mindre, fekk dei gjerne ein liten del av brøddeigen og nokre rosiner.  Då hadde dei arbeid lenge med utbaking, og det ferdige produktet vart ekstra godt, slik det vert med det ein har laga sjølv.  Skilpadda over laga eg ein gong etter tips på brodogkorn.no

2 kommentarer:

  1. Vi kjøper litt, og bakar litt brød. Det verste med kjøpebrøda er at dei er harde og tørre nesten med det same. Eit unntak er Spleisebrød, som ein til og med kan fryse. Løvebrøl har vi også hatt i huS.Ungane likar det, men eg ser at etterkvart begynner barn å like frø. Skulle ønske vi hadde fått kjøpt så gode og ferske brød her som dei vi får på Kongsberg.Det er vanskelig å finne skikkelig grove brød på butikkane her.

    SvarSlett
  2. Coop har brød som er 100% grove. Dei er pakka i plastposar. Men ferske?

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...