onsdag 10. oktober 2012

Treng du?

 Nokre butikkar har som salstriks å få deg til å kjøpe meir når du har kome i kassa for å betale. Dette er ein sjølvsagt etter kvart budd på, så ein svarer berre: "Nei takk".  I dag skulle eg ikkje ha sokkar, trudde eg. Men to par for 15 kroner - billegare sokkar får ein vel ikkje!  Då må eg kjøpe 10, tenkte eg, for det er berre å be om trøbbel å kjøpe to par sokkar med striper.  Dess fleire like sokkar ein har, dess lettare vert det å pare dei, er min teori.
Då eg pakka dei ut, viste det seg at halvparten var svarte.  Eg veit at det finst plastklyper som ein kan bruke for å halde sokkar samla i vask.  Men til no har eg "greidd meg" utan.

Tankane gjekk attende til 80-talet og tennissokkar.  Her var det fire gutar/menn med ulike sko- og sokkenummer.  Når ein kjøpte pakkar med tennissokkar, hadde dei striper i ulike fargar.  Nokre hadde den raude stripa øvst, andre nedst. Til slutt innførte eg regelen: Kjøp alltid 10 eller 20 par heilt like sokkar.  Har du kjøpt 10 svarte par med adidas på i storleik 41-45, kan du kjøpe 10 par kvite i 38-41.  Det har nok glidd litt ut etter kvart, men framleis ser eg etter store pakningar.  Og eg er i utgangspunktet svært kritisk til striper ...

I dag fekk vi ein ny dag med regn.  Det passa godt å ta seg ein bytur. Yngstemann fekk utvida garderoben sin med to fulle plastnett med klede.Med to tenåringar på slep, vert det ikkje kjøpt noko spennande til seg sjølv.  Men ferien er ikkje slutt enno.


2 kommentarer:

  1. Kor praktisk du er :)
    Men det er utruleg kor mykje tid og krefter ein kan bruke på sortering av lestar.
    Her i huset har mannen berre svarte, men så "kvislekvaslar" det seg når mine svarte blir vaska ilag med dei...
    Eigentleg bagatellar i den store samanheng...

    God haustferie vidare, veret skal visst bli betre i morgå ☼

    SvarSlett
  2. Ja, no hadde det gjort seg med ein fineversdag til. Litt irriterande om det skin opp etter ferien...
    Eg føler i alle fall at eg har brukt ein del tid på å pare sokkar opp gjennom åra.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...