søndag 21. oktober 2012

Fisk på grønsakseng

Det er lettvint med middag som ein kan lage i ei form. Til denne fiskeretten bruker ein frosne grønsaker.  Det høver godt for små familiar i det daglege også.  Det tek litt meir tid å steike fisk i omnen enn i steikepanna.  Men retten "lagar seg sjølv".
Blogglesarane skal få oppskrifta, og så kan de doble eller halvere som det høver.  Små porsjonar går raskt å lage i ein mikrobølgjeomn.  Oppskrifta fann eg i ei brosjyre frå Tine.
600 g grønsakblanding, frosen (fransk?)
600 g seifilet, tint

1 1/2 dl seterrømme
1 ts salt
1/2 ts pepar
150 g riven ost, gjerne jarlsberg

Legg grønsakblandinga i ei eldfast form.
Skjer seifileten i serveringsstykke og legg dei over.
Bland resten av ingrediensane og legg det over fisken.
Du kan gjerne legge fisk og grønsaker i fleire lag.
Steik retten 12-14 minutt i mikrobølgjeomn på full styrke (600 W)
eller i steikeomn ved 200 grader i ca 40 minutt.

2 kommentarer:

  1. Takk for påminninga - lenge sidan eg har laga denne - den er kjempegod!

    SvarSlett
  2. Ja, og så har eg ein tendens til å kjøpe inn rømme og fløyte, sånn på ei von, og dette er ein fin rett å bruke opp det ein måtte ha i hus av slikt.
    Oppskrifta var på gamlebloggen. Eg veit ikkje kor tid den forsvinn. Eg skulle kanskje skifta e-postadresse på den? No betaler eg nokre kroner i månaden for denne.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...