lørdag 8. september 2012

Septemberlaurdag

 I dag tidleg kom studenten heim med nattbussen.
 Skal tru om vinnarlykka har starta i år?  Eg må i alle fall syte for å ha med meg pengar når eg er ute på laurdagshandel.  Det har vorte ein vane å dra kort også for småbeløp.  At innhaldet i gevinsten var eit lys, var inga overrasking.
 Men om eg var heldig, ville det høve til den eine pakken serviettar eg kjøpte på tilbod på Nille!

Så fekk vi dekke eit haustleg bord.  Med strykefrie dukar frå Jysk og blomster frå hagen, er det både enkelt og rimeleg å dekke eit bord.
Til middag serverte eg lammegryte.  Desserten på bildet er surmjølkfromasj.  Eg fann oppskrifta i eit meldareksemplar av ei kokebok som skal lanserast neste helg.  Vanlegvis lagar eg mjølkedessertar av to liter mjølk, men eg var litt usikker på om denne ville falle i smak hos den yngre garde.  Ingen grunn til "bekymring"!

Så kjem spørsmålet; kor tid har eg ete surmjølkfromasj.  Eg meiner vi laga det på skulekjøkenet i åttande klasse.  Men hadde vi det heime?

6 kommentarer:

  1. Så koseleg!

    Smakte surmjelksfromasj på Muritun i august.
    Falt ikkje heilt i min smak.. Men kanskje din er betre? ;-)

    God helg!!

    SvarSlett
  2. Synest den var lett og god. Eg brukte ekte vaniljesukker, men eg trur den og godt kunne ha vore naturell. Eg tok resten før karane oppdaga den. Oppskrifta kan eg ikkje legge ut.
    Eg trur kokeboka vil slå an på heile Sunnmøre!

    God helg!

    SvarSlett
  3. Er det kokeboka til Ingebjørg? Vi gjekk i klasse i lag på barneskulen, artig at vi begge har enda opp med å gje ut kokebøker. Trur ikkje så mange hadde gjetta det då vi møtte opp første skuledag.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er Ingebjørg og Olaug si, ja. Der er mykje interessant lesestoff, og eg har bestemt meg for å lese heile boka før eg melder ho.

      Slett
  4. Eg veit eg laga surmelkfromasj på skulekjøkken i 7. klasse. Då hadde jentene 1 veke kjøkken(eller 2?) og gutane sløyd, før den eigentlige skulen begynte. Eg kan hugse at eg skura eit gammalt lakka linoleumsgolv på overtid.Elles er eg den typen som likar det meste, også surmelkfromsj, som eg tykte smaka friskt og godt. Trur eg har laga det seinare også, kanskje til og med i din barndom?

    SvarSlett
  5. Eg har i alle fall smakt det! Men eg trur ikkje desserten skal inn på skulekjøkenet att. Born er ikkje vane med å drikke surmjølk lenger. For meg var surmjølk redninga den tida eg måtte drikke mjølk.
    Når det er potetball på skulekjøkenet kjøper eg inn både søt og sur mjølk, og det er svært få som må ha sur.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...