søndag 4. mars 2012

Vår!

 Dei første dagane i mars har stort sett vore fine her på Sunnmøre.  Eg har tatt fram sykkelen, eit sikkert vårteikn.  Rundt om i hagen har det dukka opp snøklokker.  Flest er det ved sida av ei Westerlandrose.  Dei har vel hatt gode vilkår.
 Det er kjekt når primulaene får eit nytt liv ute.  Eg veit ikkje kor gammal denne er.
 I går fekk eg så vidt rydda litt i beda.  Eg prioriterte å få narsissane i potter.  Dei står ganske lunt ved inngangspartiet under altanen.
Rundt om i hagen ser eg at det kjem opp små løkar frå potter frå tidlegare år.  det er alltid spennande å sjå kva som har klart vinteren!

I dag har to av nevøane mine fødselsdag.  Vi gratulerer og Ingar på Kongsberg med toårsdagen og  Per Helge i Molde med 23-årsdagen!

3 kommentarer:

  1. Ja visst er det VÅR!
    Nyt!
    Kan nok kome ei og anna snøbyge enno, men det får vi ta med godt humør.

    Ha fin veke!

    SvarSlett
  2. Herlig med vår :) Ønsker deg en glad uke som kommer :)

    SvarSlett
  3. Takk det same!

    Vi får nok meir snø, den såkalla erleria, men den vert nok ikkje liggande her.

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...