lørdag 31. mars 2012

VANILJECUPCAKES

Her kjem oppskrifta på "cupcakesa" som vi laga torsdag kveld.  I dag har frøkna baka nye.  Ho brukte ei banankakeoppskrift som vi fann i Sverre Sætre si bok.  Ein kan i grunnen bruke alle formkakeoppskrifter.  Det er berre å fylle dei i små former og steike dei i 10-20 minutt alt etter temperaturen. 
 På kurset brukte vi soyamargarin sidan kurshaldaren har gode erfaringar med det.  Heime brukte vi meierismør.  Dette får vere opp til kvar einskild.  


RØRE
125 g soyamargarin, romtemperert    
2 dl sukker
2 egg
1 dl mjølk
3 dl kveitemjøl
1 ½ ts bakepulver
1 ts vaniljeessens

1.   Set omnen på 175 grader.
2.   Set 12 former i eit muffinsbrett.
3.   Rør sukker og margarin kvitt.
4.   Rør inn egga, eitt om gongen.
5.   Ha i mjøl/bakepulver og mjølk vekselvis.
6.   Tilset vaniljeessens.
7.   Fordel røra i muffinsformene.  Dei skal vere ca. 2/3 fulle.
8.   Steik kakene i midt i omnen i ca. 20 minutt.
9.   Avkjøl først kakene 5 minutt i forma før du legg dei på ei rist.

FROSTING
125 g soyamargarin, romtemperert
1 ts vaniljeessens
½ dl mjølk
6-7 dl melis
1 ts vaniljesukker
Konditorfarge

1.   Rør margarinen mjuk og smidig
2.   Ha i vaniljeessens. 
3.   Sikt i melis og vaniljesukker vekselvis med at du har i mjølka. Bland inn nok melis til at frostingen blir fast og smørbar.
4.   Tilsett konditorfarge.

PYNTING
Ha frostingen i ein sprøytepose.  Pynt etter eige ønske!


 Eg hadde liggande noko utstyr etter eit kakepyntkurs eg var på ein gong på 90-talet.  Men vi kjøpte like godt eit nytt sett til frøkna.  
 Desse formene og glaser med hjerter skal brukast til konfirmasjonen hennar.
Slikt formingsutstyr får ein i vanlege butikkar.  Det kom ikkje vaniljeessens som bestilt til skulekjøkenet førre veke, så vi brukte vaniljesukker

4 kommentarer:

  1. Juhuuuu!! Kjekt å sjå :)
    Rett lekre..

    God påske ♥

    SvarSlett
    Svar
    1. Desse skal vere med i dåpen i morgon. God banansmak og godt med smør i frostingen, men ein må passe på at den ikkje vert for varm. Smøret er litt blautare, men det stivnar i kjølegare rom.
      Eg laga frosting fredag og to jenter i klassa mi pynta siste bretta. Klassa fekk kvar sin, og så selde vi i kantina. Populært begge stader!

      Slett
  2. Dei mest besøkte cupcakes-bloggane er forkjemparar for vaniljeekstrakt. Eg snakkar varmt om Tørslefs vaniljesukker, det med kvit- og grønstripete boks. Det er lagd med ekte vanilje, og gir veldig god smak til både muffins og cupcakes. Vaniljeessens er det lenge sidan eg hadde i hus, bestemora mi brukte å ha det i riskremen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Har du prøvd Cemo sitt? Eg har prøvd både Tørslevs og Jacobs, men meiner Cemo sitt er i eiga klasse.

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...