søndag 25. mars 2012

Vaflar

Det er dagar for det meste.  I dag er det visst den store vaffeldagen.  Kanskje det vert årets første vaffelsteiking på altanen.  Vaflar er visst den meste vanlege kakesorten i Noreg.  Ein del vaffeloppskrifter er reine kakeoppskrifter med store mengder smør og sukker.  Det er ikkje nødvendig for å få gode vaflar! Under kjem ei grunnoppskrift.
5 egg
4 ms sukker
1 liter surmjølk
1 ts natron
7 1/2 dl kveitemjøl
1/2 dl smelta/flytande margarin/smør

Rør saman alle ingrediensane unntatt halvparten av mjølka.  Når røra er klumpefri, har du i resten av mjøla.  Røra må svelle minst 20 minutt før du steiker vaflane.

I vaffelrøre er det vanleg å kvitte seg med ulike restar av fløyte og rømme.  Vaflar vert mykje betre med surmjølk enn med søtmjølk, men har ein berre søtmjølk, kan ein ha i litt rømme.  Sjølv har eg i nokre ekstra egg og erstattar minst 1/3 av mjølet med sammalen kveite , fin.  Det finst også eit  grovt mjøl som er male endå finare som ein kan bruke.


Kva skal ein servere til vaflar, finst det vel mange ulike meiningar om.  Eg føretrekk lettsukra jordbær og/eller bringebær og lettrømme.

6 kommentarer:

  1. Til vaflar brukar eg mi vanlige oppskrift "man tager hvad man haver"- I staden for grovt mjøl brukar eg små havregryn, då blir ikkje vaflane seige. Eg brukar også ei blanding av sur og søt mjølk, og bakepulver i staden for natron. Eg brukarå ha i smelta smør, for å sleppe å smørje jernet.(rømme, grautrestar, restar av vaniljesaus etc. puttar eg også i røra viss eg har)
    Elles må eg legge til at det ikkje er ofte eg steiker vaflar, berre viss vi har besøk i alle fall.

    SvarSlett
  2. Flott vaffeldag :-)

    Her skin det sol...

    SvarSlett
  3. Eg bruker av og til både havregryn og sammalen kveite. Oppskrifta mi i dag er eit greit utgangspunkt, så er det berre å eksperimentere.
    Fint å vere på altanen i dag.

    SvarSlett
  4. Det vart ikkje vafler her i huset i dag, men vi besøkte svigers og der fekk vi i alle fall hardvafler. Det er også godt!

    Eg var innom ein annan blogg i kveld, og der såg eg ei som ville servere vaflene med brunsukker. Nytt for meg;) Eg vil helst ha vafler med smør på, og eventuelt rørt sylte!

    SvarSlett
  5. Alle som vil ha smør, får sjølvsagt det! Strøsukker er godt på sveler, men brunt? Ja,ja kvar sin smak.

    SvarSlett
  6. I like it when people get together and share views. Great website

    កាលេងប្រដាល់ថែ​ ​​

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...