lørdag 3. mars 2012

Tutti-frutti-kompott

I den nye raudruta kokeboka frå 2010 såg eg ein freistande dessert, nemleg tuttifruttikompott.  Desserten er presentert med eit flott bilde.  Eg kunne ikkje hugse å ha sett den i 1986 utgåva, men der tok eg feil.
I kjøleskåpet hadde eg både rikeleg med pærer, eple og nokre sure plommer.  Kanelstenger kjøpte eg på halv pris etter jul ...

Eg starta med å koke dobbel porsjon med lake.  Dette dekte ikkje dobbel porsjon med frukt (Plommene var store, så eg dobla ikkje der.), så eg kokte frukta i to porsjonar med minste mengde sukker og litt sitronsaft.  No har eg smakt på både lake og frukt.  Det var litt surt!

På skulekjøkenet sluttar eg som regel av med å spørje elevane kva dei har lært i dag.  Eg trur det er viktig for dei å seie at dei har lært å lage noko.  Av og til seier nokon kva dei har lært at dei ikkje skal gjere.  I dag har eg lært at eg må ha litt meir sukker i tuttifruttien!  Eg kjem til å servere vaniljeis til i staden for krem.  Elles vil eg prøve med fleire krydder i.  Heil anis i laken ville vel bli godt?

2 kommentarer:

  1. Det ser godt ut, men må vere søtt nok :)

    Eg brukar å hermetiser plommer og pærer, Brukar oppskrifta på laken som mamma brukte.
    Søtt !
    Men det er luksusdessert som ein et sjeldan, difor gjer eg det med (nesten) godt samvit ;)

    Ha ein fin kveld.

    SvarSlett
  2. Ein kan nok bruke same oppskrifta som til hermetisering. Eg har smakt for søt lake til fruktogså. Det gjeld å finne ein formel ein liker!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...