tirsdag 27. mars 2012

Grovbrød - eit undervisningsopplegg

No har vi kome til grovbrødbaking på skulekjøkenet.  Alle elevane på niande lagar si eiga brødoppskrift og dekorerer/reklamerer/gir produktinformasjon på sin eigen brødpose. Det eg viser på bloggen, er berre ein kortversjon av opplegget. Måla og kriterier for dei ulike karakterane vert presenterte for elevane.
Elevane får sjå ulike kjøpte posar i tillegg til ein eg har laga sjølv; Solveigs solsikkebrød.  Brødet skal vere mellom 50-75% grovt. For å gjere det lettare for elevane, har eg laga ein mal der dei kan fylle inn mjølsortane.  Eg viser dei ulike mjøl- og frøsortar og forklarer eigenskapane deira.

MI BRØDOPPSKRIFT:

25 g gjær
3 dl vatn
2 ms ………………olje
¾ ts salt

……………… g kveitemjøl (125-250g)

……………… g sammalen kveite, grov

……………… g sammalen kveite, fin

……………… g sammalen rug, grov

……………… g sammalen rug, fin

……………… g havregryn, store eller små

………………. g linfrø/solsikkefrø/graskarfrø

Til saman grove mjølsortar og frø: 250-375g
(Til saman fint +grovt mjøl= 500 g)
Prøvebaking: Brødet til venstre er 75% grovt, og brødet til høgre er 50 % grovt.


Eg håper at elevane anten bakar eller kjøper skikkeleg grovt brød!


For ordens skuld: Eg har innhenta løyve både frå eleven og mora til å legge ut illustrasjonsfotoa!

5 kommentarer:

  1. Kor flott altså !
    Eg trur du må vere ein inspirerande lærar !

    Godt at dei kan få eit bevisst forhold til innhaldet i kosten, og få gjere sjøl.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg slit med å kommentere på bloggen din. Handikaplina nektar å godta kodene eg skriv inn. Eg har tatt vekk dette hinderet, og får ingen robotkommentarar.

      Slett
    2. Har eg handekapline ?
      forstår ikkje heilt, er det sånne bokstavkoder ?

      Slett
    3. Ja. Det går an å stille bloggen slik at dei går vekk. Desse linjene har vorte lengre og utydelegare.

      Slett
  2. Takk for det! Det er kjekt å undervise i det er ein interessert i. Og det er kjekt å sjå elevane ta med seg heim bakst. Så håper eg at dei heime skryt av dei!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...