søndag 11. mars 2012

Fiskegrateng

Dagens middag er inspirert frå eit matprogram eg såg i sommar der ein TV-kokk laga fiskegrateng med grønsaker i staden for makaroni.  Blogglesarane får berre inspirasjon i dag, ikkje oppskrift.

Tradisjonelt lagar ein fiskegrateng med litt fisk og heller rikeleg med makaroni.  Har ein rikeleg med fisk, er det ingen grunn til å spare.  Fisk er sunt og godt.  Ein kan bruke restar av kokt fisk eller la rå fisk koke med i den kvite sausen.  Eg kvitta meg med ein halv pakke grøne erter i dag.  Elles brukte eg seks eggeplommer i sausen og bretta inn seks stivpiska eggekvitar til slutt.  På toppen brukte eg riven ost.

Skulle eg ha gjort noko annleis, ville eg hatt litt riven ost i sausen og.  Det gir god smak.  Gratengen begynner å nærme seg sufflé ... Det hadde sikkert smakt godt med blomkål i gratengen.

Eg brukte den raude gryta mi til form, og såg fort at det vart rikeleg med mat.  Derfor kutta eg ut potetene og serverte berre rivne gulrøter til.

Ein ting eg har merka meg på Hareid er at kvar gong det er snakk om fiskegrateng, er det nokon som hardnakka hevdar at det heiter kreteng. Skal tru kven som har lært dei det?

7 kommentarer:

  1. Har prøvd å lage Fiskegrateng saman med Bergens Fiskesuppe pose.. Eg syns det var godt, men borna var ikkje så begeistra.

    Fin ny veke!

    SvarSlett
  2. Ser godt ut :)
    Lenge sidan eg laga.
    Du har så mange gode tips at det er for
    oss berre å prøve !

    God ny veke !

    SvarSlett
  3. Far min seier kreteng, han er frå Leikong. Det må vere ein lokalt oppstått fiks idé, trur eg.

    SvarSlett
  4. Torbjørg langdal11. mars 2012 kl. 23:40

    Svigermor sa også kreteng, og ho var frå Valldal!

    SvarSlett
  5. På Straumshamn har eg òg høyrt nokon seie "kreteng".

    SvarSlett
  6. Artig at dette vart einspråkdiskusjon! Konklusjonen må vere at kreteng vert sagt på store delar av Sunnmøre!

    SvarSlett
    Svar
    1. I Trøndelag er det også vanlig å si kreteng. Grateng er vel fransk, så det uttales kanskje kreteng (eller noe lignende) på fransk?

      Slett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...